Hjem
Universitetshagene
Samlingene

Lynghagen

Hagen vart opphavleg delt i 7 tema, men dette har endra seg gjennom åra, og ikkje alle dei opphavlege plantingane finst i dag.

Lynghagen
Foto/ill.:
Michael Pirie, UiB

Hovedinnhold

Arboretets venner kom med ein lynghage som gåve 21. august 1996 då Det norske arboret feira 25 år. Hagen blei plassert nær veksthuset. Staden har eit gunstig lokalklima i solhellinga i kanten av den høgvaksne furuskogen, han ligg gunstig i høve til andre samlingar og i høve til publikum. Området trong eit større lyft for å retta opp att terrenget etter at ein sette opp nye veksthus i 1991.

6. juni 1999 kunne Arboretets venner sin leiar, Hanne Katinka Hofgaard overlevera Lynghagen til arboretdirektør Per Harald Salvesen.

Hagen vart opphavleg delt i 7 tema (vist i kart), men dette har endra seg gjennom åra. Nokre artar og kultivarar har synt seg meir robuste enn andre, og ikkje alle dei opphavlege plantingane finst i dag.

  1. Overgang mot Sørlige halvkule
  2. "Blomsterlyng”
  3. Lappeteppet
  4. Blandet selskap
  5. Kalkknaus (flytta over vegen i staden for nr. 6)
  6. Sur, skrinn knaus og sandjord (sidan bytta med nr. 5. kalkknaus)
  7. Myrfeltet

I nedre delen mellom vegen gjennom lynghagen og parkeringsplassen ved garasjen ligg eit område der tanken var/er å visa lyng saman med andre plantar, som vårblomar, fjellhageplantar og dvergbartre. No er det tydeleg at mange av bartrea, òg dei over mot Blondehuset, ikkje lenger er for dvergar å rekne.

Referanser (Last ned her)

  • Handeland, S. 2000. – Lynghagen i Arboretet blir til. – Årringen 2000 (4): 24-32
  • Petterssen, E. B. & Handeland, S. 2001. – Lyng i Det norske arboret. Del 1. Vårlyng. – Årringen 2001 (5): 4-22
  • Petterssen, E. B. & Handeland, S. 2002. – Lyng i Det norske arboret. Del 2. Sommerblomstrende lyng. – Årringen 2002 (6): 65-93
  • Petterssen, E. B. & Handeland, S. 2003. – Lyng i Det norske arboret. Del 3. Klokkelyng og purpurlyng, de norske Erica-artene. – Årringen 2003 (7): 31-46