Hjem

Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi

Hovedinnhold

Polyfon kunnskapsklynge for musikkterapi

Bassist

Musikk, helse, fellesskap og deltaking

Polyfon byggjer samarbeid om kunnskaps-, kompetanse- og tenesteutvikling, for å sikre at forskingsinformert musikkterapi er tilgjengeleg i heile landet. Sjå klyngas Strategi og handlingsplan og gje gjerne innspel til klyngas aktivitet!

Klyngedeltakarane samarbeider om å løfte eit nytt og løfterikt fag- og praksisfelt, i samspel med andre helserelaterte praksisar. Sjå m.a. klyngas årsmeldingar og lenkesamlinga vår.

Korleis kan du bruke og delta i klyngesamarbeidet?

Registrer deg for den månadlege bulletengen Polyfon-nytt! 
Følg oss også gjerne på Facebook og Instagram.

Nyhet
Logoene til de fem nye klyngedeltakerne i Polyfon: Sykehuset Innlandet, Universitetet Sørøst-Norge, Kilden, Kristiansand kommune, ROM-Agder.

Fem nye klyngedeltakarar

Knutepunktmodellen og prosjekt OPPTAKT skapar engasjement i dei nye regionane sør og aust. Heile fem nye deltakarar er tatt opp i klynga dei siste vekene: Kilden teater og konserthus, Kristiansand kommune, ROM-Agder, Sykehuset Innlandet og Universitetet i Sørøst-Norge.

RETNINGSLINJER
Klargjering til planting

Søk om utviklingsstøtte

Polyfon stimulerer utvikling av praksis og tenester, i tråd med kunnskapsgrunnlag, retningslinjer og brukarønske. Årleg søknadsfrist er 1. juni. Søknader vert vurderte av ein ekstern komité. Kontakt gjerne sekretariatet eller klyngas regionale fagkoordinatorar for råd.

Call for papers
Plakat med informasjon om Polyfon-konferansen 12.-13. november 2026

Konferansedagen 2026: Utrop for bidrag!

Polyfon-konferansen 2026 blir arrangert 12. -13. nov., med konferansedag og seminardag. Konferansedagen blir i HVLs lokaler i Bergen, med temaet «Musikkterapilandet?». Seminardagen blir i UiBs lokaler i Nygårdsgaten 5. Send inn forslag innen 1. juni!

INFOSIDE: Polyfon-konferansens seminardag
UiBs læringsarena

Invitasjon: Ta initiativ til eit seminar!

Polyfon-konferansen inneheld ein konferansedag planlagd av programkomiteen og ein seminardag som tar form etter dei initiativa som måtte kome frå klyngedeltakarane. I 2026 blir seminardagen fredag 13. november. Ta gjerne initiativ til eit seminar!

INFOSIDE
Tildeling av midlar frå Agenda Vestlandet

Info om prosjektet OPPTAKT (2026-2028)

Polyfon skal styrke musikkterapi som praksis, utdanningsveg og forskingsområde i Noreg, og samtidig stimulere annan bruk av musikk som ressurs for helse og samfunnsdeltaking. Med prosjekt OPPTAKT vil klynga byggje faglege knutepunkt i regionane sør, aust og vest.

Kunnskapsklynga Polyfon bind saman musikk og helse, akademia og praksis.
Både utdannings- og forskingsinstitusjonar, helseføretak og kommunar/fylkeskommune er med i samarbeidet.
Klynga samarbeider også med andre kunnskapsklynger og med nasjonale kompetansemiljø.