Hjem
Institutt for sammenliknende politikk
EU-midler til prosjekt ved Sampol

EU-finansiert oppdatering av den regionale autoritetsindeksen (RAI)

Professor Arjan H. Schakel og Berkay Alıca ved Institutt for sammenliknende politikk har fått midlar for å oppdatere den regionale autoritetsindeksen (RAI). Prosjektet er finansiert med 90,000 Euro frå Europakommisjonens Joint Research Centre.

Schakel og Alica
Arjan Schakel og Berkay Alica
Foto/ill.:
Jan Oskar Engene

Hovedinnhold

Den regionale autoritetsindeksen (RAI) er eit komparativt og longitudinelt datasett som måler i kva grad regionale styresmakter utøver sjølvstyre over tid, frå 1950 og framover. Geografiske omfattar indeksen i dag 95 land. - Den regionale autoritetsindeksen omfattar eit forskingsprosjekt som har vore utvikla over nær to tiår. Måleinstrumentet er presentert og analysert i ei rekkje forskingspublikasjonar av høg kvalitet. Den er mykje sitert på tvers av ulike samfunnsvitskaplege fagfelt og blir ofte brukt i analysar gjennomførte av Europakommisjonen og OECD, fortel Arjan H. Schakel.

Europakommisjonen ynskjer å oppdatere den regionale autoritetsindeksen 

Felles forskingssenter i Europakommisjonen [the Joint Research Centre]  ynskjer no å oppdatere den regionale autoritetsindeksen. Målet er å analysere korleis graden av regionalt sjølvstyre påverkar gjennomføringa av FNs berekraftsmål. Felles forskingssenter [the Joint Research Centre]  overvaker implementeringa av berekraftsmåla i regionane i EU. 

Dagens regionale autoritetsindeks har skårar fram til 2018. I den nye oppdateringa vil Arjan H. Schakel og Berkay Alıca lage nye skårar for perioden 2018–2025 for 45 europeiske og OECD-medlemsland. Prosjektperioden for den nye oppdateringa er det inneverande året.

Schakel er ein av dei sentrale forskarane i RAI-teamet, som har utvikla RAI-skårar for perioden 1950–2018. Den første utgåva av datasettet kom i 2008, med oppdateringar i 2016 og 2021.

Alıca, som skal arbeide som forskar i oppdateringsprosjektet, forsvarte nyleg doktoravhandlinga Mulitilevel Demoractic Behavior: Legitimacy, Accountability, and Representation in a Decentralised Unitary Context. Doktorgrada var ein del av forskingsprosjektet Strengthening Regional Democracy – Contributing to Good Democratic Governance, finansiert av Trond Mohn-stiftinga og leia av Schakel.

Samarbeidspartnarar

I oppdateringa av den regionale autoritetsindeksen vil Schakel og Alıca ved Institutt for sammenliknende politikk(Universitetet i Bergen) samarbeide med fleire internasjonale kollegaer i RAI-teamet, Liesbet Hooghe and Gary Marks(University of North Carolina, Chapell Hill og the European Union Institute in Florence), Sarah Shair-Rosenfield  (University of York), og Sari Niedzwiecki (University of California, Santa Cruz). Felles forskingssenter (JRC), basert i Sevilla i Spania, vil vere det sentrale kontaktpunktet ved  Europakommisjonen.