Engelsk, årsstudium
- Lengde1 år
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng60
- StartVår
Hovedinnhold
På årsstudiet i engelsk vil du få ei innføring i engelsk lingvistikk og litteratur/kultur. Du blir kjent med det språklege og kulturelle mangfaldet i den engelskspråklege verda frå mellomalderen til i dag. Du lærer òg om ulike vitskaplege tilnærmingar til dette mangfaldet.
Vi diskuterer spørsmål som:
- Korleis fungerer det engelske språket?
- Kva type endringar skjer i det engelske språket i dag?
- På kva måte kan litteraturen påverke oss og endre liva våre?
- Korleis kan vi forstå kultur og historie gjennom litteraturen, og vice versa?
Engelskstudiet gir god innsikt i det engelske språket og i engelskspråkleg litteraturar og kulturar. Du studerer engelsk grammatikk og uttale og får ei innføring i ulike regionale og sosiale variantar av språket. Gjennom tolking av ulike tekstar får du kunnskap om sambandet mellom litteratur og samfunnsforhold i USA og Storbritannia og andre engelskspråklege land.
Les meir om engelskfaget ved UiB
Kvifor velje årsstudium i engelsk?
Med denne utdanninga får du ein dobbelkompetanse: God og presis språkføring og kunnskap om kulturen og samfunnet i landet/området.
Skolen, staten, næringslivet, kulturlivet, media m.fl. treng folk med denne kompetansen.
Årsstudiet lar deg studere eit fagfelt i eitt år, for eksempel for å komplettere tidlegare utdanning.
Studiet gir òg grunnlag for opptak til engelskdidaktikk dersom du planlegg å ta Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Kjem du rett frå VGS kan du søke opptak på årsstudiet, men du vil nok ha ei betre studentoppleving av å velje bachelorprogrammet i engelsk, som er tilrettelagd for deg som er ny i høgare utdanning, med ex.phil., innføringsemne/ex.fac., faddergrupper og sosialt studentliv.
Årsstudiet er ikkje eit grads- eller vitnemålsgivande studium, men du kan søke om overgang til bachelor i engelsk (internt) om du vil fortsette studia. Årsstudiet i engelsk vil då i sin heilskap inngå som eitt år av spesialiseringa i bachelorprogram i engelsk.
Oppbygging
Vi tilrår at du startar årsstudiet i engelsk i januar, men du får studierett frå hausten av, og kan studere andre opne emne ved UiB fram til årsstudiet startar.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. Semester, vår
- ENG110 – Lydar og strukturar (15 studiepoeng)
- ENG125 – Britisk litteratur og kultur (15 studiepoeng)
2. Semester, haust
- ENG120 – System og variasjon (15 studiepoeng)
- ENG122 – Amerikansk litteratur og kultur (15 studiepoeng)
Studiekvardagen
Årsstudiet i engelsk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I løpet av ei typisk veke på dette studiet vil du ha rundt 10 timar undervisning, som forelesningar og seminargrupper. I tillegg vil du bruke tid på lesesalen med pensumlitteratur. Undervisninga og litteraturen er på engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieløpstabellen.
Engelskfaget høyrer til Det humanistiske fakultetet på Sydnes i Bergen sentrum. Det er lesesalar på Sydneshaugen skole, og mange vel å sitte på Bibliotek for humaniora. Vi har også mange kollokvierom tilgjengeleg som du kan reservere og bruke gjennom heile semesteret.
Hos oss møter du forelesarar frå ulike land. Vi har til dømes ein Fulbright-professor, som kjem frå eit amerikansk universitet for å undervise i Noreg i eitt år av gangen.
I det andre semesteret kan du bli med på studietur til Det norske studiesenteret i York, for ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.
Alle emna på årsstudiet er obligatoriske.
Kva lærer du?
Med denne utdanninga:
- får du brei, forskingsbasert kunnskap om engelsk språk, engelsk lingvistikk og engelskspråklege litteraturar/kulturar
- får du ei vitskapleg tilnærming til språket og litteraturar/kulturar
- utviklar du sjølvstendig, kritisk tenking, samt å analysere og utvikle eigne argument
Sjå heile lista over læringsutbyte.
Utveksling
Det er ikkje mogleg å reise på utveksling som del av årsstudiet, men du kan bli med på studietur til Det norske studiesenteret i York, for ein smakebit på korleis det er å studere ved eit engelsk universitet.
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.