Hjem

Utdanning

Årsstudium

Fransk, årsstudium

  • Lengde1 år
  • PoenggrenseAlle / Alle
  • Studieplassar8
  • Studiepoeng60

Ny student

Ny student

Velkommen som ny student på årsstudium i fransk!

Studiet ditt startar i januar 2018 (veke 2). Du treng berre å takke ja til studieplassen din hos Samordna opptak og møte til studiestart i januar. Tid og stad for informasjonsmøta i januar finn du på nettsidene våre frå 1. desember.

Dersom du ønsker å ta emne i andre fag hausten 2017, er du velkommen til å gjere det. Då finn du orienteringsmøte for emne du vil ta ved å gå inn på emnesidene og vidare følgje lenka til Timeplan.

Du finn meir ellers informasjon om studiestarten på Ny student-sidene våre .

Har du spørsmål, kan du ta kontakt med Infosenteret ved HF, eller sende en e-post til studierettleiar@hf.uib.no.

Introduksjon

Introduksjon

Vil du supplere tidlegare utdanning? Ønskjer du undervisningskompetanse i eit nytt fag? Kanskje du vil førebu deg til eit nytt studium i utlandet?

Eit årsstudium i fransk er først og fremst retta mot deg som allereie har teke eit studium på høgskole-
eller universitetsnivå tidlegare. Studiet er bygd opp av emne på til saman 60 studiepoeng.

Du studerer grammatikk, praktisk språkbruk, litteratur, kultur og omsetjing. Eit sju veker langt kurs i Frankrike inngår i studiet.

NB: Studiet startar i januar.

Kva kan du bli

Studievegar

Dersom du har planar om å studere ved UiB i meir enn eitt år, bør du søkje opptak til eit bachelorprogram.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår.

Oppbygging

Oppbygging

Studiet inneheld fire emne, kvart emne er på 15 studiepoeng. Du startar studiet om våren, og tar to emne kvart semester.

Vår

FRAN101 - Fransk grammatikk

FRAN103 - Fransk kulturkunnskap og omsetjing

Haust

FRAN102 - Fransk litteratur

FRAN115 - Fonetikk/samfunnskunnskap

Årsstudium i fransk (krav 60 SP)
Årsstudium i fransk - emne (krav 60 SP)
Obligatorisk emne
EmnekodeEmnetittelSPSA
FRAN101Fransk grammatikk 151–32
FRAN103Fransk kulturkunnskap og omsetjing fransk-norsk151–32
FRAN102Fransk litteratur151–33
FRAN115Fonetikk og samfunnskunnskap151–33
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester

Korleis søke

Søknadsprosedyre

For søkjarar med generell studiekompetanse er søknadsfristen 15. april.

For spesielle søkjargrupper og for søkjarar med realkompetanse er fristen 1. mars.

Du søker gjennom Samordna opptak (SO). Nettsøknad og meir informasjon finn du på Samordna opptak sine nettsider

Søk opptak til Universitetet i Bergen og til årsstudium i fransk.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse eller realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

Eit studium i fransk krev gode forkunnskapar i språket. Viktig: Studentar utan nødvendige forkunnskapar må skaffe seg dette på eiga hand før dei tek til med studiet.

Overgangsordninger

Du kan byte studieprogram både haust og vår.

Fransk

Årsstudium i fransk

Mer informasjon

Om programmet

Studiekode i Samordna opptak
184174

Les heile studieplanen

Kontakt

Institutt for fremmedspråk

Ønskjer du å vite meir ta kontakt med studierettleiar:

Studierettleiar@hf.uib.no
Telefon 55 58 93 70