Arkeologi, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Arkeologi er vitskapen om menneske og samfunn frå den eldste forhistoria fram til nyare tid, basert på studiar av den materielle kulturen menneska har etterlate.
Materiell kultur kan være
- reiskapar og andre gjenstandar
- anlegg og strukturar som gravar, bustader og fangstanlegg
- religiøse anlegg og andre monument
- organisk materiale og bein
- landskapet spora inngår i
I tillegg ser vi på skriftlege kjelder, stadnamn og naturvitskaplege data. Arkeologane studerer alt dette materialet og finn ut korleis folk har tenkt, levd og organisert seg til ulike tider og på ulike stadar.
Arkeologi er viktig for å gi meining til historiske stader og gjenstandar som kan seie oss noko om kor og korleis menneske har levd før oss. Arkeologi er og viktig i mange notidige saker, til dømes i byggjesaker, byutvikling, historieskriving og klimaspørsmål. Det er behov for arkeologar, særskilt feltarkeologar, noko som gjer det sannsynleg å få relevant jobb.
Som bachelorstudent lærer du korleis arkeologar arbeider. Du får kunnskap om ulike arkeologiske periodar, teoriar og metodar slik at du kan tolke, kartlegge, sortere, stad- og tidfeste gjenstandar og anna materiale. Du skriv òg ei oppgåve der du fordjupar deg i eit tema eller ein avgrensa periode.
Studiet kombinerer teori og praksis, obligatoriske aktivitetar og sjølvstudium, og passar dermed for deg som likar ei blanding av gruppedeltaking og eige arbeid.
Meir informasjon under
Vil du studere arkeologi i Bergen?
Jobb
Samfunnet treng arkeologar for å kunne seie noko om menneskets historie og utvikling. Arkeologar kan gi oss nyttig kunnskap om både menneske, dyr, busetnader og natur frå den tidlegaste historia og fram til no.
Vil du jobbe som arkeolog? For å auke sjansane for jobb, til dømes som feltarkeolog (både i Noreg og utlandet) anbefaler vi på det sterkaste å gå vidare med eit masterprogram etter bachelorgraden. UiB tilbyr eit 2-årig masterprogram i arkeologi.
Med bachelorgrad i arkeologi kan følgjande arbeidsplassar og stillingar verte relevante:
- Som konsulent i fylkes- og kommunesektoren
- Som museumsvert
- Som formidlar av lokal historie og i turistnæringa
Meir informasjon under
Oppbygging
Bachelorprogrammet i arkeologi er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Slik er studiet lagt opp:
1. semester:
- Ex.Phil. (10 studiepoeng)
- EXFAC00AS eller EXFAC00SK (10 studiepoeng)
- ARK100 Innføring i arkeologi (10 studiepoeng)
2. semester:
- ARK110 - Menneske, utvikling og samfunn: fra de første menneskene til slutten av bronsealderen ca. 500 f.Kr. (20 studiepoeng)
- Fordjuping i arkeologi i perioden fram til 500 f. Kr. (10 studiepoeng). Vel eit tema: ARK111/ARK112/ARK113/ARK114
3. semester:
- ARK120 - Middelhavet, Nord-Europa og Norden frå ca. 500 f.Kr. til 1500 e.Kr. (20 studiepoeng)
- Fordjuping i arkeologi i perioden 500 f.Kr. - 1500 e.Kr. (10 studiepoeng). Vel eit tema: ARK121/ARK122/ARK123/ARK124/ARK125 (vanlegvis kan du velge mellom to til tre alternativ i eit gitt semester)
4. semester:
Til saman 30 studiepoeng sett saman fritt av:
- Valemne: Emner ved UiB som er opne (inkludert fordjupingsemner i arkeologi)
- Utveksling eller hospitering hos andre norske universitet
- AHKR201 - Praksis i arbeidslivet (15 studiepoeng)
5. semester:
Til saman 30 studiepoeng sett saman fritt av:
- Valemne: Emner ved UiB som er opne (inkludert fordjupingsemner i arkeologi)
- Utveksling
- AHKR201 - Praksis i arbeidslivet (15 studiepoeng)
- ARK216: Utgravingsmetodar (10 studiepoeng)
6. semester:
- ARK210 - Teori og metode i arkeologi (10 studieopoeng)
- ARK250 - Bacheloroppgåve i arkeologi (15 studiepoeng)
- Fordjuping i arkeologisk teori og metode (5 studiepoeng). Vel eit tema: ARK212/ARK213/ARK214/ARK215/ARK215 (vanlegvis kan du velge mellom to til tre alternativ i eit gitt semester)
Studiekvardagen
Bachelorstudiet i arkeologi er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I tillegg til å bruke tid på lesesalen med pensumlitteraturen, kan ei typisk veke på dette studiet ha 8-10 timar med
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Laboratorium og praktiske øvingar, ekskursjonar, materialkurs og liknande
Undervisninga og litteraturen er på norsk (skandinaviske språk) og engelsk. Du finn timeplan og litteraturliste under kvart emne (fag) i studieløpstabelle.
Vi held til på Sydnes på universitetsområdet i Bergen sentrum. Vi har undervisning ulike plassar i området, som Sydneshaugen skole, HF-bygget, Sydnesplassen, og Dragefjellet skole. Vi har lesesalar på Sydneshaugen skole. Mange bruker òg Universitetsbiblioteket.
Dei fleste emna i studieprogrammet er obligatoriske. Men, det er òg 60 studiepoeng du kan fylle med valemne som passar dine interesser. Du kan velje frå emnetilbodet til UiB, eller emne du tar på utveksling.
Å studere arkeologi ved Universitetet i Bergen gir deg nærleik til spennande arkeologiske lokasjonar på Vestlandet. Bergen er ein by med ei lang og interessant historie, pågåande arkeologiske utgravingar og relevante område og studieobjekt.
Ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap held også Centre for Early Sapiens Behaviour (SapienCE) til, eit av dei fremste arkeologiske miljøa i verda.
Kva lærer du?
Ein ferdig utdanna student på dette programmet:
- har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verktøy og metodar innanfor arkeologi
- kan nytte fagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, og gjere greie for val knytt til arkeologisk materiale og problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt aleine og som deltakar i gruppe i tråd med etiske krav og retningsliner, og kan presentere sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
Sjå full liste over læringsutbytet på dette studiet.
Utveksling
Du kan reise på utveksling i det fjerde og femte semesteret. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Danmark, Storbritannia, Tyskland eller Sverige.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Opptak
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.