Fransk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
På bachelorprogrammet i fransk får du innsikt i fransk språkvitskap, franskspråkleg litteratur og kultur.
For tida forskar vi mellom anna på:
- korleis språk blir brukt til å skildre og forklare klimaendringar
- korleis forståinga av fenomenet bestemmer korleis vi oppfører oss og handlar, både på samfunns- og individnivå
Studiet er svært allsidig, og du får eit godt innblikk i både fransk språk og dei kulturane språket blir nytta.
Studiet tar utgangspunkt i at du har forkunnskapar, som for eksempel franskundervisning på vidaregåande skole.
Meir informasjon under
UIB - Fransk
Studiekvardag
Bachelorprogrammet i fransk er eit studium på fulltid, det vil seie at du bruker om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester.
I tillegg til sjølvstudium, kan ei typisk veke innehalde:
- Forelesingar
- Seminargrupper
- Kollokviegrupper, der de arbeider og løyser oppgåver saman
- Praktiske øvingar
Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. For emna som inngår i fransk spesialisering, er det om lag åtte-ni dobbeltimar (16-18 timar) undervisning i veka. Det er mindre undervisning når du skriv bacheloroppgåve.
Det har i fleire år vore eit sterkt samhold blant studentane på franskfaget, med ei rekke faglege og sosiale arrangement. Tidlegare studentar framhevar spesielt dette samhaldet når dei ser tilbake på studietida. Fleire nemner også den faglege allsidigheita, med litterær, kulturell og lingvistisk kompetanse, som eit viktig personleg utbyte.
Vi held til på HF-bygget i Bergen sentrum, der vi har eit datarom studentane kan bruke. Lesesalane er like ved, på Sydneshaugen skole.
Det er mogleg å booke eigne rom om de ønskjer å jobbe i grupper. Dette er eit tilbod som blir meir og meir populært.
Dersom du er interessert i å ha praksis som del av bachelorprogrammet, kan du ta emnet PRAKTINF – Praktisk informasjonsarbeid. Dette emnet tar sikte på å trene studentane i å arbeide med praktiske kommunikasjons- og informasjonsoppgåver med praksis i løpet av det semesteret du tar emnet.
Les meir om korleis det er å studere fransk
Meir informasjon under
Velg Språk!
Jobb
Både private og offentlege verksemder som opererer internasjonalt treng menneske som beherskar språka der dei arbeidar, og kjenner til dei kulturelle kodene og den historiske, politiske og sosiale konteksten. Samfunnet har generelt stor nytte av slik kompetanse, som kjelde til innovasjon og som motvekt til kulturelle og religiøse misforståingar og fordommar.
Tidlegare franskstudentar har fått jobb i mange ulike bransjar, som til dømes:
- internasjonale organisasjonar
- media
- handel
- turisme
- kulturliv
- utdanning
Arbeidsgjevarar framhevar ofte framandspråk som ein ettertrakta kompetanse, fordi det gir ein heilt annan tilgang til marknadar internasjonalt.
Etter avslutta bachelorgrad kan du ta ein toårig mastergrad i fransk lingvistikk og litteratur. I kombinasjon med praktisk-pedagogisk utdanning gir denne graden deg moglegheit til å få en lektorstilling i skolen. Ein slik grad styrker også moglegheitene til å få jobb.
Etter avslutta mastergrad kan du søke om doktorgradsstipend, og bli forskar i fransk lingvistikk eller litteratur.
Meir informasjon under
Kva lærer eg?
Du tileignar deg evne til å analysere språklege og kulturelle fenomen på fransk, og dermed til å forstå andre kulturar frå disse kulturanes eigen synsvinkel.
Med ein bachelorgrad i fransk har du allsidige kunnskapar og ferdigheiter. Mellom anna kan du uttrykke deg og formidle kunnskapar innanfor eige fagområde på munnleg og skriftleg fransk, og du kan sjølvstendig analysere språkbruk og litterære tekstar.
Vi er innom sentrale franske forfattarskap, men også fransk samtidslitteratur. Vi har prosjekter innanfor mellom anna afrikansk samtidslitteratur og feminisme.
Du kan òg arbeide sjølvstendig med ei problemstilling, og leite fram relevant bakgrunnsmateriale. Men det kanskje viktigaste læringsutbytet er at du har overførbar kompetanse i språk, kultur og tekstfortolking som kan nyttast i vidare studiar og yrkesliv.
Sjå full liste over læringsutbyte.
Oppbygging
1. semester
- FRAN100 Introduksjon til franskstudium (10 studiepoeng)
- EXPHIL Examen philosophicum (10 studiepoeng)
- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 studiepoeng)
2. semester
- FRAN120 Fransk grammatikk 1 (10 studiepoeng)
- FRAN121 Fransk grammatikk 2 (10 studiepoeng)
- FRAN122 Innføring i fransk litteratur (10 studiepoeng)
3. semester
- FRAN123 Fransk litterær analyse (10 studiepoeng)
- FRAN124 Fransk kulturkunnskap og frankofoni (10 studiepoeng)
- SEK100 Samanliknande europeiske kulturstudium (10 studiepoeng)
4. semester
- FRAN204 Fordjupning i fransk litteratur eller FRAN254 (med bacheloroppgåve) (10 studiepoeng)
- FRAN205 Fordjuping i fransk grammatikk og tekstlingvistikk eller FRAN255 (med bacheloroppgåve) (15 studiepoeng)
- LITTIF200 Litteraturteori (5 studiepoeng)
5. semester
- Utveksling/frie studiepoeng (30 studiepoeng)
6. semester
- Utveksling/frie studiepoeng (30 studiepoeng)
Instituttet organiserer normalt eit opphald for studentane i FRAN122 – Innføring i fransk litteratur ved Det norske studiesenteret ved Universitetet i Caen (OFNEC), med fokus på munnleg og skriftleg fransk. Kurset ved OFNEC er gratis, men studentane må sjølve betale for reise og opphald. Du kan søke Lånekassen om reisestipend.
Utveksling
Du kan dra på utveksling i eitt eller to semester. Dei fleste vel å dra på utveksling når dei skal ta frie studiepoeng, altså i femte og sjette semester, men det er òg mogleg å reise tidlegare.
Du kan velje blant UiB sine avtalar i heile verda, enten for å studere innanfor spesialiseringa i programmet, eller for å ta frie studiepoeng i graden.
UiB har utvekslingsavtalar med fleire franskspråklege universitet, blant anna i Paris, Nice og Montreal. I tillegg har instituttet ein avtale om studieopphald ved Det norske studiesenteret i Caen.
Korleis søke om å reise på utveksling?
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.