Hjem

Japansk, bachelor, 3 år

Japan er ei økonomisk stormakt, og eit av dei mest velståande landa i Asia. Forutan ein betydeleg teknologisk industri, har landet også utvikla ein særeigen populærkultur i form av teikneseriar og film som har spreidd seg til resten av verda. Noreg treng folk som kjenner Japan frå innsida, noko som berre er mogleg gjennom språket.
  • Lengde3 År
  • OrdinærAlle
  • PrimærAlle
  • OpptakskravGENS
  • Studiepoeng180
  • StartHaust

Hovedinnhold

Japanskfaget er først og fremst eit språkstudium, med fokus på både praktisk dugleik i og kunnskap om språket. Det er eit spennande språk å tileigna seg, med alle sine mange skriftteikn, annleis vokabular og fascinerande grammatikk. Gjennom studiet av språket kan ein opne døra til ein svært rik og mangfaldig kultur som skil seg frå vår europeiske på mange måtar. For å ta ein bachelorgrad, må ein opphalde seg to semester ved eit japansk universitet gjennom UiB sine utvekslingsavtalar.  

I tillegg får du grunnleggande kunnskapar om regionen som Japan ligg i, og hovudtrekka i japansk historie. Kunnskap om ulike sider ved japansk kultur og samfunn utgjer ein integrert del av språkstudiet, og blir forsterka og levandegjort gjennom det obligatoriske utvekslingsopphaldet. 

Noko av det vi er opptatt av på dette studiet, er:  

  • Kva område i det japanske språket er spesielt vanskelege for norske som vil læra seg japansk? 
  • Korleis skil det japanske språket seg frå det norske? Korleis kan ein til dømes uttrykkje person på japansk når språket ikkje har personlege pronomen? 
  • Korleis kan vi syne at språk og kultur heng nøye saman?  

Studiet passer særleg godt for dei språkinteresserte, og dei som har gode analytiske evner. Innlæring av skriftteikn krev sjølvdisiplin og gode rutinar for å henge med. Førehandskunnskapar om japansk språk og kultur er ein fordel, men ikkje eit krav – ei genuin interesse er viktigast.  

Meir informasjon under

Velg Språk!

Produsent:
Flimmer Film

Studiekvardag 

Bachelorprogrammet i japansk er eit studium på fulltid, det vil seie at du brukar om lag like mykje tid på studia som på ein full jobb. Du tar 30 studiepoeng kvart semester. Det er 80 prosent obligatorisk oppmøte til undervisninga.  

Gjennom ulike undervisingsformer får du moglegheit til å studere og nærme deg faget på ulike måtar. Opplegget krev at du deltar aktivt i undervisninga.  

I tillegg til sjølvstudium, kan ei typisk veke innehalde: 

  • Forelesingar 
  • Seminargrupper, der munnleg trening òg er ein viktig del 

Det vil variere litt frå semester til semester kor mange timar undervisning du har. Det er om lag fem-seks dobbeltimar (10-12 timar) undervisning i veka i emna som inngår i japansk spesialisering. Det er mindre undervisning den perioden du skriv bacheloroppgåve.  

Faget har svært godt studentmiljø, med aktivt fagutval og god kontakt mellom forelesarar og studentar. Mange av dei japanske studentane ved UiB finn vegen til vårt fag, og deltar på ulike sosiale aktivitetar.  

Japanskmiljøet ved UiB og NHH er samla på ei felles facebookside.  

Vi held til på HF-bygget i Bergen sentrum, der vi har eit datarom studentane kan bruke. Lesesalane er like ved, på Sydneshaugen skole. Det er mogleg å booke eigne rom om de ønsker å jobbe i grupper. 

Dersom du vil ha praksis i løpet av studiet, kan du emnet PRAKTINF – Praktisk informasjonsarbeid. Dette emnet tar sikte på å trene studentane i å arbeide med praktiske kommunikasjons- og informasjonsoppgåver med praksis i løpet av semesteret du tar emnet. 

Meir om studiekvardagen ved HF-fakultetet  

Jobb 

Bachelorprogrammet i japansk er ikkje ein profesjonsutdanning, så du er ikkje utdanna til eit spesielt yrke med denne graden.  

I dei seinare år er firma i Japan meir opne for å tilsette utlendingar med japansk språkkompetanse. For å kunne bruke japansk aktivt i jobbsamanheng, må du beherske språket på avansert nivå. Då treng du mastergrad. Etter du er ferdig med bachelorgrada, kan du ta ein toårig master i japansk ved UiB. Andre alternativ er å søkje seg vidare til UiO sitt masterprogram i Japan-studiar, eller til japanske universitet.  

I internasjonal handel er engelsk mest brukt, også i kontakt med japanske bedrifter, men inngåande kjennskap til japansk veremåte, omgangsformer og skikkar er svært verdifullt og naudsynt, også i en internasjonal kontekst.  

Nokre av dei moglegheitene du har, er å:  

  • kombinere graden med andre fag, som økonomifag eller marine fag, og finna jobb i det private næringsliv med kontakt mot Japan 
  • søke deg mot diplomatiet, som Utanriksdepartementets aspirantkurs
  • kombinere faget med journalistikk 
  • vere frilansar med språkundervisning, omsetjing, turistguiding o.l.  

Kva jobbar kan du få med humanistisk utdanning? 

Meir informasjon under

Kva lærer du? 

Etter å ha gjennomført ein bachelorgrad i japansk, har du: 

  • inngåande kunnskap om strukturar i det japanske språket  
  • nok språkleg kunnskap til å lese, skrive, snakke og forstå japansk på høgare mellomnivå 
  • innsikt i relevante japanskfaglege problemstillingar 

Sjå heile lista over læringsutbyte

Oppbygging 

Bachelorprogrammet i japansk er eit treårig fulltidsstudium, som startar i august. Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.  

Slik er studiet lagt opp:  

1. semester (haust) 

  • EXPHIL - Examen philosophicum (10 studiepoeng) 
  • EXFAC00SK - Språkkunnskap (10 studiepoeng) 
  • JAS100 - Japansk historie, samfunn og språk (10 studiepoeng) 

2. semester (vår) 

  • JAS101 - Japansk språk og grammatikk 1 (15 studiepoeng)
  • JAS102 - Japansk språk - lesing og skriving (10 studiepoeng)
  • JAS103 - Japanstudiar - forskingstema (5 studiepoeng) 

3. semester (haust) 

  • JAS104 - Japansk språk og grammatikk 2 (15 studiepoeng)
  • JAS105 - Japansk språk - lesing og skriving (10 studiepoeng)
  • JAS106 - Japanstudiar - forskingstema (5 studiepoeng)

4. semester (vår) 

  • JAS201 - Japansk språk og omsetjing (15 studiepoeng) 
  • Utveksling (utreise i siste del av mars): frie studiepoeng (10 studiepoeng) 

5. semester (haust) 

6. semester (vår) 

  • Utveksling: frie studiepoeng (20 studiepoeng)
  • ​​​​​JAS250 - Emnet der du skriv bacheloroppgåve (oppstart midten av mars) (10 studiepoeng) 

Sjå oversikt over alle emne

Utveksling 

På dette studiet er det eitt år obligatorisk utveksling ved eit japansk universitet. Utvekslingsavtalane gjer det mogleg å velje mellom eit mangfald av ulike kurs frå høgt anerkjende utdanningsinstitusjonar.  

Vi har avtalar med fleire universitet spreidde over heile Japan.  

Mange vel å ta emne innanfor japansk språk for å bli enda betre, medan andre vel frie emne innan til dømes humaniora eller samfunnsvitskap. Eit utvekslingsopphald på to semester gir deg verdifull kulturell erfaring, språkleg trening, ny fagleg innsikt og opplevingar for livet.  

Sjå anbefalte utvekslingsavtaler

Korleis søke 

For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.

Søknadsfristen er 15. april. 

Søk her