Norsk som andrespråk, bachelor, 3 år
- Lengde3 År
- OrdinærAlle
- PrimærAlle
- OpptakskravGENS
- Studiepoeng180
- StartHaust
Hovedinnhold
Dette studiet gir eit godt grunnlag for å undervise i norsk språk til personar i alle aldrar med andre morsmål enn norsk.
På studiet drøftar vi spørsmål som:
- Korleis er det å lære eit nytt språk?
- Korleis er det å bruke det?
- Korleis er læringsprosessane og korleis kan ein på best mogleg måte styrke desse?
- Korleis og i kva grad verkar sosiale faktorar inn på læring og bruk?
Vi ser på norsk språk og kultur utanfrå, frå perspektivet til dei som kjem flyttande med ein annan språk- og kulturbakgrunn.
Studiet passar for deg som kunne tenke deg å undervise barn, unge og vaksne som lærer norsk som andrespråk. Studiet passar også for deg som vil lære meir om språkutvikling og norsk språk i eit kontrastivt perspektiv, det vil seie å samanlikne norsk med andre språk for å analysere kva som skil dei.
Forelesarane du møter frå fagmiljøet i norsk som andrespråk har spisskompetanse på fleire område, som korleis morsmålet kan påverke tileigninga av norsk.
Jobb
Med ein bachelorgrad i norsk som andrespråk kan du til dømes arbeide innan:
- Vaksenopplæring
- Undervisning i skuleverket
- Kulturformidling
- Private føretak, for eksempel som fagkonsulent i forlag
- Organisasjonar, for eksempel med norskopplæring i Raude Kross
I skulen og i vaksenopplæringa er det i dag eit stort behov for kompetanse i korleis barn, unge og vaksne lærer norsk som andrespråk, og korleis leggje til rette for at læring skal skje.
Utdanninga er også relevant for arbeid innanfor kulturformidling, i offentlege etatar, private føretak og organisasjonar.
Med bachelorgrad i norsk som andrespråk blir du kvalifisert til masterprogrammet i nordisk. Dersom du fortset studiet med ei masteroppgåve innan feltet norsk som andrespråk, kan det òg særleg opne seg moglegheiter for å få arbeid innan forsking og språktesting.
Les om kva jobbar du kan få med ei humanistisk utdanning
Oppbygging
Bachelorprogrammet i norsk som andrespråk er eit treårig fulltidsstudium med oppstart i august.
Du finn detaljert vekeplan og anbefalt litteraturliste på emnesidene.
Tilrådd rekkjefølgje for emne i studiet:
1. semester (haust)
- EXPHIL Seminarmodell eller eksamensmodell (10 studiepoeng)
- Innføringsemne: Anten EXFAC00SK Språkkunnskap eller EXFAC00AS Akademisk skriving (10 studiepoeng)
- NORD100 Innføring i nordistikk (10 studiepoeng)
2. semester (vår)
- NOSPAN101 Moderne norsk (15 studiepoeng)
- NORAN105 Fonologi og grammatikk i andrespråksperspektiv (5 studiepoeng)
- NORAN106 Tekstlingvistikk og pragmatikk i andrespråksperspektiv (10 studiepoeng)
3. semester (haust)
- NORAN104 Andrespråkslæring og -undervising (15 studiepoeng)
- NORAN107 Fleirspråklegheit i sosiolingvistisk perspektiv (10 studiepoeng)
- NORAN109 Testing og vurdering av språkferdigheiter (5 studiepoeng)
4. og 5. semester (vår og haust)
- Utveksling/frie studiepoeng (60 studiepoeng)
6. semester (vår)
- NORAN250 Andrespråkslingvistikk med bacheloroppgåve (15 studiepoeng)
- NOLI102 Nordisk: Litteratur etter 1900 (15 studiepoeng)
Du kan òg legge opp studiet på andre måtar. Ta kontakt med studierettleiar for å setje opp ein plan tilpassa deg og dine ønsker.
Studiekvardagen
Som student i norsk som andrespråk høyrer du til Det humanistiske fakultet (HF). Fakultetet har eit eige bibliotek som ligg like ved instituttet i HF-bygget. Her er det godt med lesesalsplassar og mykje av litteraturen er tilgjengeleg i opne hyller. Det finst òg lesesalar på Sydneshaugen skole du kan bruke.
Det varierer litt kor mange timar undervisningsaktivitetar du vil ha frå semester til semester. I ei typisk veke vil du ha om lag 8-12 timar undervisning i veka. Det er mindre undervisning det semesteret du skrivebacheloroppgåve. Undervisninga er på norsk, mens litteraturen er på norsk og engelsk.
Det er sjølvstudium som gjeld når det ikkje er førelesing eller seminar. Studentane vel ofte å danne kollokviegrupper, der dei arbeider og løyser oppgåver saman. Det er mogleg å booke grupperom til dette. Du kan med andre ord organisere studia dine både som gruppearbeid og individuelt arbeid, litt etter korleis du likar å jobbe.
Programmet inneheld 60 frie studiepoeng. Det vil seie at du kan velje blant alle emne UiB tilbyr, til dømes innanfor skulefag, språkfag, lingvistikk, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag du interesserer deg for. Det finst òg praksisemne(lenke til liste) du kan velje, eller du kan reise på utveksling. Slik kan du byggje di eiga grad med ein spesiell fagleg breidde.
Meir om studiekvardagen på HF-fakultetet
Kva lærer eg?
Med ein bachelorgrad i norsk som andrespråk:
- har du brei kunnskap om typiske trekk ved språket og utviklinga til andrespråksinnlærarar
- har du brei innsikt i andrespråkslæringsteori og språkdidaktiske spørsmål
- har du kunnskap om fleirspråklegheit på individ- og samfunnsnivå
Utveksling
Du kan reise på utveksling til eit universitet i utlandet i femte og/eller sjette semester. Du kan reise til våre samarbeidsuniversitet i Danmark, Sverige eller Island.
Slik søker du om å reise på utveksling.
Sjå anbefalte utvekslingsavtaler
Korleis søke
For å søke dette studieprogrammet må du ha generell studiekompetanse.
Søknadsfristen er 15. april.