Klinisk masterstudium for fysioterapeuter i manuellterapi (MFMT), master, 2 år
- Lengde2 år
- Plassar22
- Studiepoeng120
Presentasjon
Mål og innhald
Ein fysioterapeut med vidareutdanning i manuellterapi kan kallast manuellterapeut og skal vere spesialisert i å undersøke og behandle pasientar med lidingar i muskel- og skjelettapparatet.
Studiet skal sikre at manuellterapeutar har dei kunnskapane, haldningane og ferdigheitene som ein primærkontakt med ansvar for pasientar med muskel- og skjelettlidingar treng for forsvarleg utøving.
Studiet vidareutviklar fysioterapeuten sin basis for kritisk analytisk tenking og fagutvikling etter vitskapsmetodiske kriterium.
I studiet skal studenten praktisere under rettleiing ved klinikk eller institutt som er godkjent av universitetet til dette formålet, og kontrakt med praksisstaden vert gjort ved tildeling av studieplass
Studiet er tilrettelagt for fysioterapeutar som allereie har klinisk erfaring bak seg og som vil heva sin formelle og reelle kompetanse gjennom å vidareutvikle sine teoretiske kunnskapar og praktiske ferdigheiter, og lære seg å anvende vitskapelig basert kunnskap som grunnlag for fagutøvinga. MMT tar utgangspunkt i at studenten allereie har grunnutdanning i fysioterapi og dermed kunnskap og forståing av bl.a. anatomi, biomekanikk, fysiologi, patologi, treningsteori og -metodikk, og ein praksis fundert på et samfunnsorientert perspektiv for sjukdom.
Studiestart - semester
Vår, anna kvart år.
Neste gong vår 2021.
Søknadsfrist 15. august 2020.
soknadsweb.uib.no
Kva kan eg bli
Kva lærer eg
Læringsutbyte
Etter fullført studium skal kandidaten ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskapar:
- ha god kunnskap om sentrale helsefaglege problemstillingar, og bruke dei i forståinga av kunnskap og kunnskapsutvikling
- ha inngående kunnskap om helse og sjukdom i eit heilskaplig bio-psykososialt perspektiv
- ha inngåande kunnskap om lidingar i muskel- og skjelettapparatet og kunne analysera, vurdera og behandla nevro- muskulær- og biomekanisk funksjon
- ha inngåande kunnskap om ledd i kroppen med tilhøyrande vevsstrukturar og kunne vurdera mobilitet, stabilitet, smerte, funksjon og motorisk kontroll gjennom generell, lokal og spesifikk undersøking
- ha inngåande kunnskap om skader, sjukdom og lidingar knytt til rørsleapparatet, kompetanse i å tolke bildediagnostikk og foreta differensialdiagnostisering, og forståing for at feilfunksjonar i muskel- og skjelettapparatet også kan ha samanheng med psykologiske og sosiale forhold
- ha god kunnskap om trygdefaglege tema, vilkår for sjukepengar og verkemiddel for oppfølging av sjukemeldte personar.
- ha avansert kunnskap om primærkontaktfunksjonar med bruk av avgrensa rett til sjukmelding og vidare henvising av pasientar til spesialist eller fysioterapeut, samt kunne rekvirera radiologiske undersøkingar
- ha avansert kunnskap om aktuelle kartleggingsverktøy og testar, og kunne vurdera deira relevans og gyldigheit, samt kunne bruka dei i å undersøkja og dokumentera effekt av behandling
Ferdigheiter:
- kunne undersøke og vurdere behov og kontraindikasjonar for manipulasjon på ledd
- kunne utføra manipulasjonsteknikkar på ledd, det vil seie hurtig mekaniske handgrep for å betre lokal funksjon og redusera smerte
- kunne bruke spesifikke og generelle behandlingsmetodar for å betre eller vedlikehalde funksjon, eller forsinke ein progredierande funksjonssvikt, og kunne grunngje val av desse ut frå forsking, systematiserte erfaringar og pasientens behov og forventingar
- kunne formidle aktuell fagkunnskap på ein reflektert måte og bidra til utvikling av ny kunnskap, spesialt innan manuellterapi, ved bruk av vitskaplege metodar
- kunne undervise, rettleie og informera pasientar, pårørande og andre profesjonar om rørsleapparatet si nevromuskulære og biomekaniske funksjon, smerte og kva som kan vera aktuelle tiltak for førebygging av funksjonsproblem, styrking av funksjon og reduksjon av smerte
Generell kompetanse:
- kunne vise ei akademisk-analytisk haldning til utvikling, kvalitetssikring og implementering av teoretisk og empirisk kunnskap med særleg relevans for manuellterapi
- kunne vise ei etisk reflektert haldning til kunnskapsutvikling, forskingsprosess og klinisk arbeid kunne vurdera publiserte forskingsarbeid innan muskel-skjelettlitteraturen etter anerkjente vitskaplege kriteria
- kunne vise kritisk analytisk refleksjon relatert til eige forskingsarbeid og
- kunne anvende sentrale forskingsprinsipp
- kunne vise sjølvstende til innhenting og bruk av relevant kunnskap og nytte høvelege forskingsmetodar og relevant teori i eige forskingsarbeid, og vise evne til systematisk og kritisk analyse av problemstillingar og data med relevans for eige fag
Oppbygging
Manuell terapi - teori og klinisk praksis (krav 30 SP) | |||||||
Obligatorisk emne | |||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||
---|---|---|---|---|---|---|---|
MANT311B | Manuellterapi 1 | 10 | 1–2 | 1 | |||
MANT312A | Manuellterapi 2 | 20 | 3–4 | 3 | |||
Forskningsmetode (krav 10 SP) | |||||||
Obligatorisk emne | |||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||
MANT320 | Forskningsmetode og etikk | 10 | 1–2 | 1 | |||
Støttefag (krav 30 SP) | |||||||
Obligatorisk emne | |||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||
FYST333A | Musculoskeletal Disorders - Acute, subacute and intermittent conditions | 5 | 1 | ||||
MANT303A | Radiologi | 5 | 3 | ||||
MANT304B | Treningslære og rørsle | 10 | 1–2 | 1 | |||
MANT306A | Trygdemedisin for primærkontakter | 5 | 1 | ||||
MANT306B | Helse og kommunikasjon | 5 | 2–3 | 2 | |||
MANT309 | Farmakologi | 5 | 1 | ||||
Medisinske basalfag (krav 20 SP) | |||||||
Obligatorisk emne | |||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||
MANT301B | Smerte som fenomen | 5 | 2 | ||||
MANT305B | Differensialdiagnostikk og laboratoriesvar | 5 | 1–2 | 1 | |||
MANT308 | Medisinske basalfag | 5 | 1 | ||||
Obligatorisk | |||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||
MANT309 | Farmakologi | 5 | 3 | ||||
Masteroppgåve (krav 30 SP) | |||||||
Obligatorisk emne | |||||||
Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | |||
MANT395 | Masteroppgåve i manuellterapi | 30 | 3–4 | 3 | |||
SP = Studiepoeng, S = Semester, A = Anbefalt semester |