Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Delte ut prisar

Prisdryss på SV-fakultetet

SV-fakultetet gjorde stas på fleire av sine fremste forskarar og miljø med å dele ut pris for publisering, formidling og studiekvalitet. – Vinnarane står for originalitet, nyskaping og gjennomslag, seier juryen.

prisvinnarar SV -fakultetet
Kristoffer Chelsom Vogt, Hans Hvide, Thor Øivind Jensen og Lise Rykkja fekk gjeve prisar ved SV-fakultetet
Foto/ill.:
Torhild Dahl, UiB

Hovedinnhold


– Vi legg all vår vekt på kvalitet i studiane, publiseringane og formidlinga. Det er difor utruleg hyggeleg å kunne dele ut dei tre prisane våre til høgt kompetente forskarar og miljø. 

Det seier Jan Erik Askildsen, dekan på SV- fakultetet. I dag delte han ut SV- fakultetet sine prisar for kvalitet i formidling, publikasjon og studiar. 

I tillegg til heider og ære fekk prisvinnarane diplom og 25 000 kroner. 

Formidlingsprisen 

Sosiologen Kristoffer Chelsom Vogt fekk formidlingsprisen for formidlinga av forskinga si på ungdom og overgang til vaksenlivet, kjønn, arbeid og utdanning.

– Kristoffer Chelsom Vogt er ein synleg person i miljøet som verkeleg er med på å fremje interessa for sosiologi. Han har evne til å gjere faget interessant både gjennom undervisninga si, og gjennom å ta del i kulturlivet og i samfunnsdebatten, seier Askildsen. 

Prisen blir kvart år gitt til ein forskar eller ei forskingsgruppe som har formidla forskingsbasert innsikt slik at det har vakt interesse hos både avgrensa målgrupper og breie publikumsgrupper. 

Publikasjonsprisen

Publikasjonsprisen vart tatt mot av økonomiprofessor Hans Hvide for publikasjonen University Innovation and the Professor's Privilege, American Economic Review, 108, 1860-1898. Publikasjonsprisen går til ein publikasjon som har særs høg vitskapleg kvalitet, originalitet og nyskaping.

Juryen framhevar at artikkelen av Hvide og Jones på ein original måte har brukt norske data knytta til endringar av lovgivinga når det gjeld universitetstilsette sin rett til dei økonomiske resultata av si eiga forsking. 

– Hans Hvide er ein svært aktiv og nyskapande forskar, og med denne publikasjonen grip han rett inn i diskusjonen rundt UiB si satsing på innovasjon. Kven eig det forskaren har funne opp, og kan forskaren tene pengar på det han har utvikla? Artikkelen vart publisert i eit av dei aller fremste økonomitidsskrifta i verda, American Economic Review, så dette er rett og slett noko av det beste ein kan oppnå innan faget, seier Askildsen. 

Studiekvalitetsprisen

Studiekvalitetsprisen går til eit fagmiljø som jobbar aktivt med å utvikle kvaliteten på utdanningane sine. I år tok statsvitarane Lise Rykkja og Thor Øivind Jensen mot prisen for emnet AORG100A Examen facultatum, som er eit innføringskurs i administrasjon og organisasjonsvitskap og samfunnsvitskaplege tenkjemåtar. 

– Det er uhyre viktig at vi ved byrjinga av studietida møter studentane med tilbod som vekkjer interesse og får studentane til å fortsette. Lise Rykkja og Thor Øivind Jensen har med stort hell satsa på dette første møtet med faget og med fakultetet, seier Askildsen.