Hjem

Det samfunnsvitenskapelige fakultet

MCB Future Week

– Nordmenn må verne om private data, seier professoren som fekk Facebook i kne.

David Carroll saksøkte Cambridge Analytica og vann. No kjem professoren som fekk Facebook til å vakle til MCB Future Week i Bergen. Han ber nordmenn om å vakne.

David Carrol
David Carroll reiste sak mot Cambridge Analytica og vann. Han synes likevel ikkje dette er noko å feire.
Foto:
Gunnbjörg Gunnarsdottir / NCE Media

– Dataene våre er oss. Dei er tankane, redslane, kjenslene, uroa og frykta vår. Ved å verne om dataene sine vernar ein seg sjølv, seier David Carroll. 

87 millionar Facebook-brukarar

Den amerikanske medieprofessoren burde vite kva han snakkar om. Sjølv gjekk han til rettssak mot eigarane til Cambridge Analytica etter at selskapet i det skjulte hadde samla inn 87 millionar Facebook-brukarar sine data. Dataene brukte dei til å lage veljarprofilar, og gjennom målretta politisk annonsering påverka dei val som den amerikanske presidentvalkampen og Brexit-avstemminga. 

Carroll kravde å få hente ut sin eigen veljarprofil, og etter ein lang kamp i det britiske rettsvesenet vann han delvis fram i januar i år. Selskapet måtte betale ei bot, og Facebook vart pressa til større openheit. 

Sjølv hevdar Carroll at dette berre var ein liten siger, og at det store slaget ligg framføre oss. 

–  Det er ikkje til å tru at noko så banalt som å få kontroll over dine eigne data kan vere så vanskeleg. Det burde vere mykje lettare! Det burde ikkje ta to år og støtte i million-klassen frå advokatar og andre for å finne ut kva eit selskap veit om deg, seier han. 

Brukt til å manipulere val

Medieprofessor ved UiB, Knut Helland, meiner MCB Future Week har gjort eit kupp som har fått Carroll til Bergen

– Innsatsen Carroll har lagt ned som privatperson og som akademikar er heilt formidabel. Carroll viste korleis private data vert brukte til å manipulere val, og slik har han rett og slett drive aksjonsforsking med framtida til demokratiet i potten, seier han. 

Det er store ord, men Helland peikar på det grunnleggande spenningsforholdet mellom teknologi og samfunn som vi står midt oppe i. Teknologien gjer det mogleg å målrette til dømes annonsering ned til enkeltindivid, men dei etiske vurderingane heng ikkje nødvendigvis med.

Samfunnsfaga treng digital kompetanse

– Det er eit skrikande behov for større digital kompetanse og eit tydeleg teknologiperspektiv innan samfunnsfaga. Kva skjer til dømes når teknologien er med på å undergrave etablerte demokratiske ordningar som val, spør han. 

– Folk tenkjer at dette er jo berre annonsering. Er det så nøye då? Men det er, og skal vere, skilnad på såpe og politikk. Denne teknologien er flott for selje sjampo, men dersom naboen din blir radikalisert utan at du veit om det, er det eit problem. Og dersom du trur at alle er einige med deg, fordi alt du ser i feeden din er folk som er einige med deg, så er det eit problem. Det står om sentrale verdiar, seier Carroll.