Hjem
Det samfunnsvitenskapelige fakultet
Opptøyane i USA

Den amerikanske arvesynda

– Politivalden i USA er gneista som tenner kruttønna, seier Hilmar Mjelde.

George Floyd demonstrasjonar i USA
Aktivistar ligg på Foley Square på Manhattan torsdag 4. juni 2020. Dei protesterer mot polititet si brutale behandling av George Floyd. Floyd døde etter å ha blitt pågripen og lagt i bakken av politiet. – Bak politivalden ligg ei lang fortid med rasisme, systematisk forskjellsbehandling og enorme skilnader i levekår mellom ulike folkegrupper, seier USA-ekspert Hilmar Mjelde
Foto/ill.:
Scanpix

Politivald mot den afroamerikanske befolkninga har på nytt sett fyr på USA. Bileta av den kvite politimannen med kneet på halsen til den uvæpna George Floyd som sakte vart kvelt, har gått verda rundt, og i gatene ser vi no store demonstrasjonar. 

– Det er noko nesten syklisk over det heile. Opp gjennom tida har vi sett ei rekkje samanstøyt der politivald var ein av faktorane, og det er ein enorm frustrasjon blant svarte i USA. Politibrutalitet låg bak opptøyane i Watts i 1965, i Detroit i 1967, i etter drapet på Martin Luther King Jr. i 1968, i Miami i 1980 og i LA i 1992. Politibrutalitet mot mørkhuda har dei siste åtte åra på nytt kome på dagsorden etter ei rekkje drap på mindreårige svarte gutar og svarte menn. 

Det seier Hilmar Mjelde, statsvitaren og medievitaren som er ein mykje nytta kommentator om amerikansk politikk. 

Ei kruttønne

– Politivalden i USA er gneista som tenner kruttønna.  Bak ligg ei lang fortid med rasisme, systematisk forskjellsbehandling og enorme skilnader i levekår mellom ulike folkegrupper. Det er ikkje rart at det smell. Eg må likevel presisere at dei rimelege folk tek avstand frå dei valdelege delane av opptøyane, og ingen forsvarer dei materielle øydeleggingane, seier han. 

Vald frå politiet har historisk sett ramma mange ulike grupper i USA, og både menn og kvinner, amerikanarar frå alle klasser og i alle aldersgrupper har opplevt politibrutalitet. På 1800- og 1900- talet melde fattige og kvite arbeidarar om overgrep frå politiet, og italienarar og meksikanarar i storbyar som New York vart utsette for ulovlege metodar frå politiet i kampen mot organisert kriminalitet. Det var politiet si trakassering av homofile som utløyste Stonewall- opprøret i 1969, og etter terrorangrepa i 2001 har muslimar klaga på trakassering og overvaking. Likevel er rasismen viktig faktor, seier Mjelde.

– Det er konsensus  i vitskapen om at rasisme nok har ein stor del av skulda. Systematiske, historiske data om politibrutalitet er ei mangelvare, men ei studie som vart publisert av Det amerikanske vitskapsakademiet i 2019 viste at svarte har høgare risiko enn kvite for å bli skada i møte med politiet og drepne av politiet. 

Røter tilbake til slavetida

Sjølv om grunnlova slår fast at det skal vere likeverd mellom folkegrupper, så fekk ikkje svarte reelle politiske og sivile rettar før i 1964 og 1965. Dei strukturelle rasebaserte skilnadene i det amerikanske samfunnet heldt likevel fram etter dette, til dømes sit uforholdsmessig mange svarte menn i fengsel samanlikna med kvite. 

– Rasismen blir kalla for arvesynda i amerikansk politikk, og den heng att frå slavetida. Endringane i lovverket på 60- talet var klare framsteg, men det er avgrensa kor mykje ein kan endre med lov. Det er mange måtar å kome seg rundt dette, og lovverket endrar ikkje automatisk haldningane og det mellommenneskelege, seier han. 

Mjelde meiner å sjå at rasismen har blitt meir subtil. 

– Den reine, opne rasismen er ikkje lenger gangbar i USA, slik han var opp til på 60-talet. Mykje har vorte betre i USA. Men vi skal ikkje gløyme at den noverande presidenten bygde valkampen sin rundt utfall mot meksikanarane, og det er ikkje lenge sidan han bad fire kongresskvinner med minoritetsbakgrunn om å dra seg heim. Store grupper i folket er svært frustrerte, og politivalden er gnista som utløyser valden vi no ser, seier Mjelde.