Lisens
Standardordbøkene – Bokmålsordboka og Nynorskordboka – er opne ressursar som kan brukast, delast og byggjast vidare på av alle, òg til kommersielle føremål. Ordbøkene er gjevne ut med open lisens (CC-BY 4.0), som gjeld både for direkte bruk av innhald og for data henta gjennom API-et. Einaste vilkåret er at du gjev opp kjelda på korrekt vis.
Hovedinnhold
Bokmålsordboka og Nynorskordboka er gjevne ut under Creative Commons Namngjeving 4.0 Internasjonal (CC-BY 4.0).
https://creativecommons.org/licenses/by/4.0/deed.no
Du har lov til å dele – kopiere, distribuere og spreie verket i kva medium eller format som helst, òg til kommersielle føremål.
Det er også lov å bearbeide – setje saman, endre og byggje vidare på materialet til kva føremål som helst, òg kommersielle.
Lisensgjevar kan ikkje kalle tilbake desse løyva så lenge du respekterer lisensvilkåra.
API og maskinell tilgang
Lisensen gjeld òg for data som vert henta gjennom API-et til Bokmålsordboka eller Nynorskordboka, som er tilgjengeleg via ord.uib.no. Du kan fritt bruke API-et til å byggje applikasjonar, tenester og andre produkt, òg til kommersielle føremål, så lenge vilkåra i CC-BY 4.0 vert overhaldne.
Ved bruk av data henta via API-et skal kjelda gjevast opp i det produktet eller den tenesta som presenterer innhaldet på slik måte:
Bokmålsordboka/Nynorskordboka, Universitetet i Bergen og Språkrådet, ordbøkene.no, CC-BY 4.0.
Vilkår for bruk
Namngjeving – Du må kreditere på korrekt vis, leggje ved lenkje til lisensen og indikere kva endringar som er gjort. Du må gjere dette på ein rimeleg måte og ikkje slik at det kan tolkast som at lisensgjevaren godkjenner deg eller bruken din av verket.
Ingen vidare avgrensingar – Du kan ikkje bruke juridiske vilkår eller teknologiske tiltak som lovmessig hindrar andre i å gjere noko som lisensen tillèt.
Kreditering
Ved bruk av innhald frå Bokmålsordboka eller Nynorskordboka gjevast kjelda opp slik:
Bokmålsordboka/Nynorskordboka, Universitetet i Bergen og Språkrådet, ordbøkene.no, CC-BY 4.0.
Ved bruk av data henta via API-et gjeld det same. Kjelda skal gjevast opp i det produktet eller den tenesta som presenterer innhaldet.