Hjem

Utdanning

Masteremne

Forskingsetikk

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Målet med kurset er å legga til rette for at forsking vert utført i samsvar med høge forskingsetiske krav. For å oppnå dette vil kurset engasjera masterstudentane til å lesa om, reflektera over og diskutera aktuelle forskingsetiske problemstillingar.

Kurset gir ei generell fleirfagleg innføring i forskingsetikk. Det tek òg for seg forskingsetiske utfordringar, der lærarane trekk fram forskingsetiske tema som har vist seg særleg relevante innan kvart av faga og som samtidig er aktuelle for alle faga. Studentane vil få sjå eksempel knytt til tema som vert tekne opp, og desse eksempla vil bli drøfta i grupper og i plenum.

Læringsutbyte

Studentane skal ved fullført kurs:

- ha kunnskap om forskingsetikk både når det gjeld prinsipp og praksis

- ha kunnskap om forskingsetiske ressursar

- ha ei forståing av føremålet med og verdien av forskingsetiske vurderingar og avgjerder

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Opptak på eit masterprogram ved AHKR.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset vert arrangert som to heildagssamlingar. Samlingane vil innehalda foredrag, gruppearbeid og plenumsdiskusjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det er obligatorisk deltaking på begge samlingane.

Vurderingsformer

Studentane får kurset vurdert som greidd om dei deltek på samlingane.

Karakterskala

Emnet vert vurdert som greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Læremiddel vert utarbeidd i samband med samlingane.

Emneevaluering

Studentane vil med jamne mellomrom bli bedne om å evaluera emnet.

Emneansvarleg

Forskningsetisk komité, AHKR

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Deltaking på samlingar