Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Virksomhet, profesjon, samfunn

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

 Emnet blir tilbydd i høve til etterspurnad og tilgang til undervisningsressursar.

Undervisningsstad

 Etter avtale med SEVU og/eller oppdragsgivar.

Mål og innhald

 Emnet er et vidareutdanningstilbod som rettar seg mot arbeidstakarar med brei arbeidslivs- og organisasjonserfaring. Det skal gje studentane teoretisk og historisk fundert kunnskap om arbeidslivet og eigen verksemd, bransje/sektor og profesjon/yrke. Samstundes er emnet eit brukarorientert tilbod som kan tilpassast i høve til tema og problem samarbeidande organisasjonar står overfor. Emnet skal såleis fungere som ein møteplass mellom arbeidsliv og universitet.

Instituttet kan tilby undervising i ulike tema, avhengig av etterspurnad og undervisningskreftene som er tilgjengelege.

Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.

Læringsutbyte

 Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha gode realhistoriske kunnskapar om, og kjenne til sentrale teoriar og debattar innan, det valde temaet. Studenten skal også kjenne til metodiske og teoriske perspektiv knytt til historisk-sosiologisk arbeidslivsforsking.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til å drøfte historisk-sosiologiske problemstillingar innan temaet, samt kritisk vurdere framstillingar i forskingslitteraturen og i studentarbeid. Vidare skal studenten demonstrere ferdigheiter i tekst- og dokumentanalyse og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag.

Generell kompetanse:

Dei skriftlege arbeida skal vise evne til å argumentere og dokumentere akademisk. Gjennom å få og gi skriftlege tilbakemeldingar til medstudentar skal studenten demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon.

Krav til forkunnskapar

 Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen

Studiepoengsreduksjon

 Ingen

Krav til studierett

 Emnet er eit eksternt finansiert tilbod til vidareutdanningsstudentar. Opptaket organiserast av Senter for etter- og vidareutdanning (SEVU). Opptaksgrunnlaget er generell studiekompetanse eller tilsvarande. Relevant erfaring blir vektlagt.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisinga skjer i form av førelesingar og arbeidsseminar/gruppearbeid, som er organisert i 4 studiesamlingar over 3 dagar, og oppgåveseminar på internett der seminararbeidet (oppgåver og kommentarar) går inn i studenten si mappe og utgjer grunnlaget for karakterfastsettinga. I seminaret vil studenten få kommentar frå medstudentar og lærar på utkast til dei oppgåvene dei skriv.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten må delta i seminararbeid. Arbeidet omfattar innlevering av to skriftlege oppgåver og kommentering av oppgåver til medstudentar.

Obligatoriske krav er gyldige i to semester etter det undervisningssemestret dei vart godkjende.

Vurderingsformer

Studenten skal skrive to oppgåver som skal vurderast. Studenten får student- og lærarkommentarar og har høve til å levere inn reviderte versjonar av oppgåvene.

 Oppgåvene skal ikkje overskride 3000 ord og skal ha tilvisingar til kjelder og litteratur og ei liste over den litteraturen som er nytta. Studenten skal gje skriftlege kommentarar til dei andre studentane sine oppgåver, og det blir lagt vekt på konstruktiv kritikk og fagleg gode og sjølvstendige kommentarar.

Både oppgåvene og dei skriftlege kommentarane tel med når endeleg karakter skal fastsetjast.

Karakterskala

 Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

 

Litteraturliste

 Pensum skal vere på omlag 1200 sider.

Emneevaluering

 Emnet vert evaluert jamleg.

Administrativt ansvarleg

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering