Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Allmenn litteraturvitskap: Litteratur frå antikken til mellomalder/renessanse

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

 Vår

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Emnet består av ei rekke litterære hovudverk og eit utval sentrale tekstar om grunnlagsproblem i eldre litteraturteori (historisk poetikk) frå antikken fram til mellomalderen/renessansen. Utvalde sekundærlitterære tolkingar av sentrale pensumverk inngår òg i studiet.

ALLV111 er ein obligatorisk del av spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap. 

Læringsutbyte

 Kunnskapar

Etter fullført emne har studenten

  • gode kunnskapar i den eldre litteraturen frå antikken til mellomalder/renessanse
  • god kjennskap til teoretiske problemfelt i den eldre litteraturen

Ferdigheiter

Etter fullført emne kan studenten

  • på eit grunnleggjande nivå fortolke og samanlikne viktige verk og forfattarar i litteraturen frå antikken til mellomalder/renessanse
  • gjere greie for kjenneteikn ved litteraturteori og estetikk i tida frå antikken og fram til mellomalder/renessanse

Generell kompetanse

Etter fullført emne kan studenten

  • arbeide sjølvstendig med ei problemstilling og presentere resultat frå dette arbeidet i skriftleg, akademisk form
  • leite opp nødvendig informasjon og bakgrunnsmateriale til sjølvstendig arbeid med akademiske tekstar og problemstillingar

Krav til forkunnskapar

Ingen 

Tilrådde forkunnskapar

 Ingen 

Studiepoengsreduksjon

 Overlapp til ALLV102 10 stp.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er og open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar, praktiske skriveøvingar og diskusjon i kollokvium. Normalt omfang er fire til seks undervisningstimar og to kollokvietimar per veke i undervisningsperioden.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentar som vil gjere endringar i høve til standard pensum, må levere inn og få godkjend pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mitt UiB eller blir opplyst ved instituttet. 

Vurderingsformer

 6-timars skuleeksamen

Karakterskala

 Karakterskala A-F

Litteraturliste

 Emnet består av episk (narrativ) litteratur, lyrikk, drama og essay og eldre litteraturteori. Pensumet er samansett både av skjønnlitteratur og av teoretiske tekstar

Emneevaluering

 Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    09.10.2017, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    25.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen