Hjem

Utdanning

Masteremne

Litteraturvitskapleg tolkings- og metodelære

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mastergradsstudiet tek sikte på å gi ei grundig innføring i litteraturteoretiske og -estetiske problemstillingar, i litteraturvitskaplege metodar og arbeidsteknikkar, og i litteraturhistorisk, analytisk og/eller komparativt arbeid med litteratur.

ALLV302 omfattar sentrale teoretiske og metodiske problemstillingar innanfor moderne litteraturvitskap og vil såleis danne grunnlag for sjølvstendig arbeid med litteraturfaglege spørsmål.

Læringsutbyte

Studenten lærer å arbeide kritisk og systematisk med sentrale problemstillingar innanfor litteraturfaget.

Krav til forkunnskapar

Emnet byggjer på bachelorgrad med 90 poeng spesialisering i allmenn litteraturvitskap, eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Krav om gyldig studierett på masterprogrammet i allmenn litteraturvitskap ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga er organisert som eit seminartilbod på til saman omlag 30 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mitt UiB. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane må levera inn og få godkjent pensumliste for emnet. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mitt UiB eller blir opplyste ved instituttet.

Vurderingsformer

ALLV302 blir vurdert på basis av enten ein sju dagars skriftleg heimeeksamen over oppgitt emne (12 sider eller 4000 ord) eller ein munnleg prøveforelesing (ca. 30 minutts lengd) med emne oppgitt sju dagar på førehand.

For ALLV302, 303 og 304 gjeld det at éin (og berre éin) av desse eksamenane skal avleggjast som prøveforelesing.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Litteraturliste

Pensum omfattar eit utval tekstar av sentrale bidragsytarar til moderne litteraturteoretiske og metodiske felt. Sjå eiga pensumliste.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prøveforelesing

    Trekkfrist
    27.10.2017
  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    17.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    27.10.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen