Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteroppgåve i administrasjon og organisasjonsvitskap

Undervisningssemester

Vår og haust

Mål og innhald

I utviklinga av masteroppgåva øvast du opp til sjølvstendig vitskapleg arbeid og framstilling.

Masteroppgåva skal handle om eit tema som er relevant for administrasjon og organisasjonsvitskap. Oppgåvetema og problemstilling for masteroppgåva skal ha sitt utgangspunkt i eit av dei tematisk organiserte forskargruppene som til ei kvar tid strukturerer forskings- og seminarverksemda ved instituttet. Det vert forventa at du følgjer forskingsseminaret som forskargruppa organiserer i arbeidet med masteroppgåva. Du pliktar å følje eit av forskarseminara som di forskargruppe organiserar.

Læringsutbyte

Kunnskaper

Studenten har inngående kunnskapar om:

  • heile prosessen for eit forskingsprosjekt.
  • Metodologiske og forskingsetiske tilnærmingar
  • Vitskapleg tekstutforming og kjeldebruk

Ferdigheter

Studenten kan:

  • ta sjølvstendige val av tema, problemstilling og hypotesar
  • velja relevant teoretisk og metodisk tilnærming.
  • utvisa ei kritisk haldning til bruk av kjelder og informasjon, og har evne til sjølvstendig analyse og tolking.
  • nytta seg av akademisk skrivemåte, argumentasjon og referansebruk.
  • presentera og drøfta eige forskingsarbeid

Generell kompetanse

Studenten

  • kan gjennomføra samfunnsvitskaplege undersøkingar på ulike tema og problemstillingar
  • kan formidla og drøfta avanserte faglege arbeid og problemstillingar munnleg og skriftleg
  • kan bidra med forskingskompetanse i utviklings - og organisasjonsendringsprosessar.

Krav til forkunnskapar

AORG320 Organisasjon og politikk, AORG321 Metodelære, AORG322 Forskningsdesign og AORG323 Forskningsfelt

Arbeids- og undervisningsformer

Deltaking på forskargrupper og individuell rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

I semester 1. av AORG350 delta på obligatorisk seminar om framdriftsplan, og planlegge masterprosjektet. Innlevering av framdriftsplan til fastsatt frist.

Presentasjon av utkast til masteroppgåve. Studenten skal minst ein gong pr. semester kommentere eit skriftleg/munnleg framlegg frå ein annan student. Godkjende obligatoriske arbeidskrav er berre gyldige i inneverande semester og må fullførast kvart semester studenten er meld i emnet. Arbeidskrava må være godkjent før eksamen kan avlegast.

Vurderingsformer

Eksamenssemester:

Masteroppgåva skal leverast i fjerde semester og det er følgjande faste fristar for vår- og haustsemesteret: 1. juni og 1. desember. Innlevering av masteroppgåva på anna tidspunkt må skje etter individuell søknad.

Eksamensform:

Innlevering av masteroppgåve. Masteroppgåva skal leverast elektronisk.

Oppgåva skal vere på 120 sider, unnateke framside, innhaldsliste, litteraturliste og vedlegg. Instituttet kan gi løyve til å skriva lengre oppgåver dersom særskilte faglege årsaker ligg føre. Grunngjeven søknad skal sendast til instituttleiar.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår og haust

Emneevaluering

Emnet vert evaluert kvart 3. studieår.

Institutt

Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap. I arbeidet med masteroppgåva er det rettleiar som er fagleg ansvarleg.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap.

studieveileder@aorg.uib.no / Telefon: 55 58 21 54

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Hovedoppgåve

    Innleveringsfrist
    01.12.2017, 14:00
    Trekkfrist
    17.11.2017