Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Innføringskurs i arabisk språk og kultur

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Dette er eit tilbod til studentar som treng grunnopplæring i moderne standardarabisk. Studentane skal læra arabisk alfabet, uttale, oppnå ein viss lese- og skrivedugleik. Studentane får en introduksjon i enkelte tema i moderne arabisk grammatikk. I tillegg skal studentane skaffa seg oversyn over kultur og samfunn i den arabiske verda (geografi, historie, religion, etc.). Emnet er ikkje obligatorisk for å kunne gå vidare til spesialiseringa i arabisk.

Læringsutbyte

Etter fullført emne:

- beherskar studentane arabisk skrift og uttale

- har studentane eit ordforråd på ca. 350 ord

- kan studentane lese og omsette enkle nivåtilpassa arabiske tekstar

- kan studentane gjere greie for enkelte tema i arabisk grammatikk

- har studentane eit oversyn over kultur og samfunn i den arabiske verda

Krav til forkunnskapar

Ingen formelle krav.

Tilrådde forkunnskapar

For å kunne gjennomføra dette emnet må ein ha gode lesekunnskapar i engelsk og god skriftleg dugleik i norsk. Det blir tilrådd at studentar som ønskjer ARA100 som del av bachelorgraden sin, særleg dei som har lita røynsle med framandspråk, tek ex.fac.-varianten Språk og kommunikasjon.

Studiepoengsreduksjon

På grunn av fagleg overlapp blir studiepoenguttellinga for ARA100 redusert med 10 studiepoeng om det blir kombinert med ARA621 og 5 studiepoeng om det blir kombinert med ARA101.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

ARA100 omfattar minst 4 kontakttimar i veka i 12 veker med aktiv undervisning. Til saman vil talet på kontakttimar bli om lag 48.

Emnet tel to komponentar:

Komponent 1, om lag 40 ¿ 42 timar, inneheld førelesingar i arabisk alfabet, uttale og grammatikk kombinerte med øvingar, omsetjing, samtaler og liknande.

Komponent 2, om lag 6 til 8 timar, inneheld førelesingar i kultur og samfunn.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Det blir kravd at studentane deltek på minimum 18 av 24 førelesingar/øvingar for å få gå opp til vurdering i emnet.

Studentane skal òg levera 2 øvingsoppgåver knytt til leksjonane i læreboka.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere bestått i same semester.

Vurderingsformer

Vurderingsforma er éin skriftleg eksamen på tre timar. Eksamenen er sett saman av dei to komponentane arabisk språk, og kultur og samfunn. Eksamenen vil innehalde både teoretiske og praktiske oppgåver. Begge komponentane må vere bestått for at emnet skal vere bestått.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Lærebøker og digitale ressursar tilpassa kursopplegget. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitets-sikringssystem. Metoden for evalueringa er elektronisk, anonymt skjema.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Emneansvarleg

Programstyret for arabisk.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@if.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    29.11.2017, 09:00
    Varigheit
    3 timer
    Trekkfrist
    15.11.2017