Hjem

Utdanning

Masteremne

Cellulær og molekylær nevrovitskap

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeBMED340
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Innhaldet i emnet gjenspeilar mangfoldet og tverrfaglegheiten ein finn i nevrovitskap. Ei rekkje av seminarar og laboratoriedemonstrasjoner vil gje deltakaren innsyn i cellulær nevrofysiologi, nevrokjemi og molekylær nevrovitskap, og i tillegg gje eit oversyn over strukturen, funksjonen og dysfunksjonen til sentralnervesystemet.

Studentane vil få kunnskap om naudsynte intellektuelle verktøy for å kunne forstå og verdsette kompleksiteten ein finn i nervesystemet på eit molekylært og cellulært nivå.

Emnet er utforma som eit introduksjonskurs på masternivå. Det forventas at studentane har ei bachelorgrad i biologisk eller naturvitskapleg retning, men forkunnskapar i nevrovitskap er ikkje naudsynt.

Tema inkluderar: nevronar som eksitable celler, synaptisk overføring, neurotransmittersystemar, molekylær og cellulær føresetnad for åtferd, kjensle, minne og søvn, sansesystemar og funksjonell anatomi, og avbilding av nervesystemet.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Etter fullført emne skal studentane kunne: 

  • Vise inngåande kunnskap om nervesystemets struktur og funksjon på celle og systemnivå
  • Identifisere og beskrive de molekylære og cellulære eigenskapar hos nevroner som gir opphav til deira evne til å kommunisere via elektriske og kjemiske signalar
  • Definere dei viktigaste neurotransmittersystemar og reseptorar i nervesystemet
  • Beskrive vanlege metodar i nevrovitskap og forstå teorien bak desse teknikkane
  • Beskrive integrasjonen av molekylære, cellulære og biofysiske prosessar, som bidreg til at nevronar og nevrale systemar ansvarlege for oppførsel, kan fungere.

 

Ferdigheiter og generell kompetanse

Etter fullført emne skal studentane kunne:

 

  • Tolke og diskutere funn relatert til vitskaplege eksperiment og litteratur innan nevrovitskap
  • Anvende teoriar om molekylær og cellulær nevrovitskap til eksperimentelle undersøkingar

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad i biologi, molekylærbiologi, biomedisin, fysiologi eller liknande.

Tilrådde forkunnskapar

Generelle kunnskapar innan molekylær- og cellebiologi og cellefysiologi. Generelle kunnskapar innan fysikk og kjemi.

Krav til studierett

Master i biomedisin. Andre masterstudentar eller utvekslingsstudentar som oppfyller forkunnskapskrava kan og få adgang til emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Omkring 32 timar seminar over ei periode på omkring 8-10 veker.

4 laboratoriedemonstrasjonar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Heimeeksamen (8-10 sidar)

Obligatorisk oppmøte på 80% av seminara.

Obligatorisk oppmøte på laboratoriedemonstrasjonar.

Vurderingsformer

Vurderinga i emnet er tredelt:

  • 2-3 timar skuleeksamen (50%)
  • Innlevering av skriftleg semesteroppgåve (35%)
  • Laboratorierapportar (15%)

Du må bestå alle delane for å bestå emnet. Karakterskala A - F.

Karakterskala

A-F

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mitt UiB.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

Tlf: (+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40

Emneansvarleg:

Margaret Veruki: http://www.uib.no/personer/Margaret.Veruki