Hjem

Utdanning

PhD-kurs

CCBIO seminar og symposium

Kursomtale

Undervisingsspråk

Engelsk.

Kursinnhald

Seminarserien til Centre for Cancer Biomarkers (CCBIO) vil gje ein oversikt og djupare innsikt inn i forskingsfelta til biomarkørar for kreft. Både medlemmar fra CCBIO og inviterte lokale, nasjonale og internasjonale foredragshaldarar vil forelesa på seminarserien.

Seminarserien består av månadlege seminar og inkluderer også det årlige CCBIO symposiet på Solstrand.

Emnet har som mål å gje studentar, ph.d.-kandidatar, postdoktorar og forskarar innafor CCBIO, ein oversikt over ulike disiplinar innafor biovitskap. Ph.d.-kandidatane vert trena i å lytte til, tolke, reflektere over og gjengi vitskapelege presentasjonar på engelsk, og får trening i vitskapleg skriving.

Seminarprogrammet finn du her:www.uib.no/biomedisin/en/resources/conferences-and-seminars/bbb-seminarswww.uib.no/biomedisin/en/resources/conferences-and-seminars/bbb-seminars

http://www.uib.no/biomedisin/en/resources/conferences-and-seminars/bbb-seminars

Læringsutbyte

Etter at kurset er gjennomført skal kandidaten:

Kunnskapar

  • Kjenne til og kunne nytte fagomgrep innanfor ei breidde av dei biovitskapelege områda som er relevante for CCBIO.
  • Kjenne til og vurdere ulike aspekt av "state-of-the-art" forskingspraksis som fører fram til nye vitskapelege erkjenningar.

Ferdigheiter

  • Gje ei sjølvstendig vurdering av vitskapelege føredrag og formulere svært gode rapportar.
  • Framvise forbetra skriftleg framstillingsevne basert på innspel frå /diskusjonar med fagpersonar.
  • Handtere komplekse faglige spørsmål og utfordre etablert kunnskap og praksis på fagområdet.
  • Utvikle eigen presentasjonsteknikk.

Generell kompetanse

  • Identifisere og definere eit framtidig forskingsfelt for seinare studiar basert på ein utvida vitskapeleg horisont.
  • Kunne formidle og utføre sjølvstendig vitskaplig forsking gjennom anerkjente nasjonale- og internasjonale fora.
  • Kunne delta i debatter innafor fagområdet i internasjonale fora.

Undervisningsperiode

Vår og haust (2 påfølgjande semester).

Studiepoeng

3 studiepoeng (75-90 timars studentarbeidstid).

Formelle krav

Påmelding og -fristar

Kandidatar ved Universitetet i Bergen (UiB) må melde seg på gjennom StudentWeb (http://studentweb.uib.no) innen 1. september.

Krav til forkunnskapar

Krav om fullført utdanning på mastergradsnivå eller opptak på Forskarlinja.

Tilrådde forkunnskapar

Medisinsk eller helsefagleg bakgrunn, eller ph.d.-prosjekt med medisinsk/helsefagleg innhald.

Inngår i opplæringsdel

Kurs til ph.d.-graden, tilrådd for kandidatar knytt til CCBIOs forskarskule.

Vurderingsform

For å stå i emnet, må kandidaten

  • Delta på informasjonsmøta.
  • Delta på minimum 10 seminar over to semester (oppmøte blir registrert).
  • Delta på to-dagers CCBIO symposium.
  • Levere éin rapport kvart semester. Rapportane må følgje retningslinjene som deles ut ved kursstart. Rapporten skal vere på 2-3 sider og skrivast på engelsk. Studentane vert innkalla til ei obligatorisk gjennomgang av dei korrigerte rapportane med kurskoordinator på slutten av andre semester. Emneansvarleg nyttar eit eige skjema i vurdering av rapportane.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått.

Fagleg overlapp

Deler av kurset overlappar med Biomed 380. Det vil ikkje verte godskrive formidlingspoeng (FOMIDL901) for presentasjonen kandidatane held på kurset, i tillegg til studiepoeng ein oppnår ved deltaking.

Kven kan delta

Emnet rettar seg hovudsakleg mot ph.d.-kandidatar knytt til CCBIO, men er også opent for studentar, forskerlinjestudenter og ph.d.-kandidatar ved andre institutt.

Utfyllande informasjon

Utfyllande kursomtale

Undervisnings metode:

  • Obligatoriske informasjonsmøter for alle deltakarane.
  • Månadlege seminar ( Obligatorisk oppmøte på 10 seminar over 2 semester).
  • Årleg 2-dagars CCBIO konferanse (Solstrand).

Ein til ein møte med kurskoordinator for gjennomgåing av rapportane.

Program

  • To informasjons møte av 1 times varighet.
  • 10-12 seminar, av to timars varighet (inkludert førebuing).
  • 2-dagars CCBIO konferanse, 20 timar inkludert førebuing.
  • 2 rapportar, 20 timars arbeid på kvar.
  • To møte med kurskoordinator med 1,5 timars varighet.

95 timar totalt

Kontaktinformasjon

Kurskoordinator

Even Birkeland.

Even.Birkeland@uib.no

Administrasjon

Solveig Lund Witsø

Solveig.Witso@uib.no

Fagleg ansvar

Donald Gullberg, James Lorens og Lars Akslen.

Innleiarar

Seminarleiar vil starte og leie seminara.

Kjernelitteratur

Abstrakt publisert på nett i høve til seminara. Relevante forskingsartiklar i høve til dei vitskapelege rapportane.

Undervisningsstad

Det medisinske fakultet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Deltatt

    Trekkfrist
    01.09.2017

Undervisningsperiode

Vår og haust (2 påfølgjande semester).