Hjem

Utdanning

Masteremne

Mastergradsoppgåve i digital kultur

  • Studiepoeng60
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeDIKULT350
  • Talet på semester2
  • SpråkRettleiing vil vere på engelsk, norsk eller eit anna høveleg språk.
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mastergradsoppgåva er eit større skriftleg arbeid som skal vere resultat av ei sjølvstendig utforsking av ein relevant problemstilling i digital kultur. Oppgåva kan kombinere teoretiske, metodiske og teknologiutviklande perspektiv. Oppgåva er ei direkte vidareutvikling av prosjektskissa frå Dikult301.

Det er høve til å levere masteroppgåva som del av eit større prosjektarbeid, men resultatet som er knytt til prosjektet, må kunne evaluerast individuelt. Det vil til dømes seie at éin person kan stå for programmering, medan ein annan står for utviklingsarbeid i tilknyting til innhald og design, men den enkelte studenten sine resultat i prosjektet må kunne vurderast individuelt

Læringsutbyte

Kunnskapar

Kandidaten har...

  • djup kunnskap i eit avgrensa område innan Digital kultur
  • brei orientering innan og inngåande innsikt i teoriar og metodar som er relevante for masteroppgåva

Ferdigheiter

Kandidaten kan...

  • finne fram til, og handsame relevante problemstillingar på ein sjølvstendig måte
  • meistre vitskapelege arbeidsteknikkar, teoriar og metodar, til dømes diskursanalyse, feltarbeidsteknikkar, kvalitative intervju, eller innhaldsanalyse
  • produsere akademiske tekstar på eit høgt nivå på norsk eller engelsk.
  • meistre bibliografi- og dokumentasjonsarbeid

Generell kompetanse

Kandidaten kan...

  • planleggje og gjennomføre eit større sjølvstendig prosjekt
  • arbeide sjølvstendig,  systematisk  og  vitskapeleg
  • forfatte tekstar på høgt fagspråkleg nivå
  • dokumentere funn og faglege visjonar
  • formidle forskinga si til et breitt publikum

Krav til forkunnskapar

Gjennomført og bestått DIKULT301.

Tilrådde forkunnskapar

Gjennomført fire emne på 300-nivå.

Studiepoengsreduksjon

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett på masterprogrammet i digital kultur.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Arbeidet med mastergradsoppgåva skjer med individuell rettleiing. Rettleiaren vert oppnemnd i løpet av andre semester av mastergradsstudiet.

Rettleiing skjer delvis i samband med forskargruppa for Digital kultur eller forskargruppa for Elektronisk litteratur sine aktivitetar (sjå under obligatoriske aktivitetar).  

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Alle masterstudentar må skrive ein rettleiingskontrakt med Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium seinast i løpet av andre semester av studiet. I kontrakten blir rettar og plikter for partane presiserte. Retten til å ha rettleiar er til dømes tidsavgrensa. Fristar for innlevering av masteroppgåva blir fastsette av Det humanistiske fakultet, som også har hovudansvaret for innhaldet i kontrakten.

Studentane skal aktivt delta minst 4 gonger, normalt 2 gonger i semesteret, i Forskargruppa for Digital kultur eller Forskargruppa for Elektronisk litteratur, medan dei er registrerte på emnet.

Vurderingsformer

Masteroppgåve. Denne kan vere ei teoretisk oppgåve, eller ei praktisk oppgåve med rapport. Om oppgåva får ståkarakter (A-E) blir studenten prøvd munnleg i oppgåva. Den munnlege prøven er justerande, dvs. at den endelege karakteren kan avvike frå karakteren på oppgåva med inntil éin bokstav.

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium fastset elles formelle krav til oppgåva.

Karakterskala

Karakterskala A - F.

Vurderingssemester

 

Litteraturliste

Studentane skal gjere seg kjent med sentral forskingslitteratur i det valde emnet for masteroppgåva, Denne skal i teksten og bibliografien syne omfanget av det tileigna stoffer.

Studenten skal gjere seg kjend med bibliografiske baser og tenestar og, om det der naudsynt, arkiv og andre ressursar som er viktige for gjennomføring av masteroppgåva.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    06.11.2017
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Masteroppgåve

      Innleveringsfrist
      20.11.2017, 13:00