Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteremne i engelsk lingvistikk VI

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Undervisningssemester

Vår 

Mål og innhald

ENG349 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå anvendt lingvistikk, teoretisk lingvistikk, historisk lingvistikk, eller kombinasjonar av desse. 

Læringsutbyte

 Ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har god innsikt i teoretiske og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått og kjennskap til nyare forsking innanfor dette feltet

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å anvende sine kunnskaper og ferdigheter i undervisning, formidling og/eller informasjon

- har vidareutvikla evna til å uttrykke akademiske idéar på skriftlig og munnleg engelsk

Generell kompetanse

Studenten

- er i stand til å halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk og lektorutdanninga med master i framandspråk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar: opp til 16 timar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over tema oppgitt av faglærar, fylgt av ein munnleg eksamen. Arbeidet er på mellom 4000-5000 ord (eksklusive litteraturliste osv.). Når endeleg karakter vert fastsett tel heimeeksamen to trededelar og munnleg eksamen ein trededel.

Heimeeksamen må vere greidd for at studenten kan gå opp til munnleg eksamen. Kandidaten blir eksaminert både i oppgåva og heile pensum under munnleg eksamen. Studentar som får F på munnleg eksamen får også F som endeleg karakter.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Det blir arrangert eksamen i ENG349 kvart semester.

Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 750 sider lingvistisk faglitteratur. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur og handbøker. 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem. 

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen og munnleg eksamen

    Trekkfrist
    27.09.2017
    • Eksamensdel: Heimeeksamen

      Innleveringsfrist
      11.10.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen