Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Fagdidaktikk i engelsk i lektorutdanninga

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust (3. semester for studentar som tek engelsk som fag I, og 5. semester for studentar som tek engelsk som fag II).

Undervisningsstad

Universitetet i Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gje ei innføring i engelsk fagdidaktikk og har fire hovudområde:

  • engelskfagets legitimering og eigenart
  • sentrale styringsdokument for skolefaget
  • språklæring
  • omgrepet kommunikativ kompetanse

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har kunnskap om engelskfagets utvikling
  • har innblikk i styringsdokument for skolefaget
  • har kjennskap til sentrale språklæringsteoriar og -tilnærmingar
  • har kjennskap til teoriar knytt til kommunikativ kompetanse

Dugleikar:

Studenten

  • kan analysere styringsdokument for skolefaget
  • kan reflektere over og drøfte skolepraksis i lys av relevant teori
  • kan uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk knytt til emnet

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan reflektere over eiga læring
  • kan reflektere over og drøfte problemstillingar knytte til engelsk som skolefag
  • kan beskrive elevar si læring

Krav til forkunnskapar

Minimum 15 stp i engelsk

PEDA 120

KOPRA101

For studentar som tek engelsk som fag II: KOPRA102

Tilrådde forkunnskapar

30 studiepoeng i engelskfaglege emne på 100-nivå.

Krav til studierett

Studentar som er tekne opp på lektorprogrammet, og som tek engelsk som fag I eller fag II.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

12 timar førelesningar.

Seminar: 2 (4) timar (avheng av talet på studentar). Obligatorisk munnleg framlegging.

Seminar: 2 dagar for- og etterarbeid knytt til emnet KOPRA102 for studentar som tek engelsk som fag I, og 2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek engelsk som fag II.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å gå opp til eksamen må studentane ha lagt fram eit godkjent arbeid på engelsk der dei analyserer eit språkfagleg spørsmål i lys av fagdidaktisk teori.

2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA102 for studentar som tek engelsk som fag I.

2 dagar for- og etterarbeid knytt til praksisemnet KOPRA103 for studentar som tek engelsk som fag II.

Sjølv om førelesningar ikkje er obligatoriske, er det venta at studentane er til stades i undervisninga, og organiseringa av undervisninga har dette som utgangspunkt.

Vurderingsformer

Eksamensforma er ein 4 timar digital skoleeksamen, alternativt ein 4 timar vanleg skoleeksamen. Nærare informasjon blir gitt i studiet. Eksamen skal skrivast på engelsk, og rett og god språkføring vert vektlagd.

Hjelpemiddel til eksamen

Gjeldande læreplanverk

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum utgjer om lag 350 sider av normal vanskegrad.

Institutt for framandspråk gir forslag om spesifisert pensumliste i emnet

Emneevaluering

Studentane evaluerer undervisninga ved slutten av semesteret i tråd med fastsette prosedyrar for undervisningsevaluering.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no / 55 58 84 38

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    22.11.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    06.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen