Hjem

Utdanning

PhD-kurs

Vitskapeleg formidling

Kursomtale

Kursinnhald

FORMIDL901 Vitskapeleg formidling er ein samla godkjenning av dei obligatoriske 6 studiepoenga i fagleg formidling som inngår i opplæringsdelen i ph.d.-programmet for kandidatar ved Det medisinske fakultet.

Formidling omfattar undervisning i form av forelesingar eller presentasjon av forskingsresultat på kongress/konferanse. Eit populærvitskapeleg arbeid kan godkjennast som skolering i fagleg formidling.

For kandidatar tatt opp før 2011: Formidling utover 6 studiepoeng kan inngå i den valfrie delen av opplæringsdelen.

Undervisningsperiode

For godkjenning av FORMIDL901 må kandidaten dokumentere 6 studiepoeng samtidig, men gjennomføring av studiepoenggivande aktiviteter kan strekke seg over fleire semester.

Kandidatane må sjølv sørgje for at opplæringsdelen er fullført før ein kan søkje om innlevering av doktorgradsavhandlinga. Dette inneber mellom anna å søke om godkjenning av FORMIDL901.

Formelle krav

Vurderingsform

Formidling som inngår i opplæringsdelen skal dokumenterast og attesterast av hovudrettleiar i samband med søknad om godkjenning av formidlingsaktiviteter. Dokumentasjon kan til dømes vere:

- kopi av publiserte artiklar

- kopi av postere/abstracts samt program frå konferansar, forskingsseminar og liknande

- stadfesting frå instituttleder el. anna ansvarlig på at forelesingar har vorte gitt (merk at dato og omfang må gå fram av stadfestinga eller av vedlagt program for forelesingsserie eller liknande)

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Variabel

    Trekkfrist
    01.09.2017