Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Introduksjon til franskstudiet

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

 Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gjev ei grunnleggjande innføring i fransk språk og kultur og skal danna eit godt grunnlag for vidare studium i fransk.

Læringsutbyte

Studentane skal læra seg å meistra dei viktigaste reglane i fransk grammatikk.

Dei skal kunna lesa, forstå og gjera greie for innhaldet i utvalde litterære teksta og sakprosatekstar, munnleg og skriftleg.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Emnet er ikkje tilpassa nybyrjarar, men legg til grunn at studenten har kunnskapar som svarer til fransk nivå I eller II frå vidaregåande skole.

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset går over heile haustsemesteret (12 veker) med normalt 4 timar undervisning i veka. Undervisningsformene vil vera førelesingar kombinerte med øvingar, omsetjingar, lesevurdering, samtaler og liknande.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane skal halde eit munnleg innlegg på om lag 5 minutt. Nærmare retningslinjer blir gjeve i samanheng med undervisninga.

Vurderingsformer

 Ein avsluttande skriftleg eksamen på 4 timar. Eksamen kan bli digital.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Fløttum/Halvorsen/Lorentzen: Fransk språklære og øvingsbok til denne. Eit utval litterære tekstar, samt utvalde sakprosatekstar om fransk historie og samfunn.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    30.11.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    16.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen