Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsstudier

Grunnstoffenes kjemi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeKJEM120
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Mål og innhald

Emnet omhandlar grunnstoffa sine kjemiske eigenskapar og korleis dei er plassert i Det

periodiske system. Typiske trekk og slektskapsforhold mellom grunnstoffa og deira kjemiske

sambindingar er vektlagt. Vidare inngår oppbygging og eigenskapar til sambindingane, mellom anna bindingsforhold mellom atom samt struktur av molekyl, metall, salt og mineral. I emnet inngår rolla uorganiske sambindingar har i miljø og industri samt metalliona si naturlege rolle i biologiske system.

Fagleg overlapp

K102: 10 stp

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking i minst 8 kollokvium. Skriftlege svar på utvalde kollokvieoppgåver (vil bli vurdert bestått/ikke bestått). Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester.

Undervisningssemester

Haust (Fargekode: blå)

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Etter fullført emne KJEM120 skal studenten kunne:

  • vise kunnskap om grunnleggjande uorganisk kjemi, spesielt samanhengen mellom atoma sin elektronstruktur, plassering i Det periodiske system og forventa eigenskapar åleine eller i sambindingar.
  • forklare korleis elementa er funne i naturen, korleis dei er produsert og kva eit gitt element kan nyttast til
  • forklare dei kjemiske og fysiske eigenskapane til elementa i det periodiske system
  • identifisere dei grunnleggjande og mest relevante sambindingar som vert danna av elementa og som skildrar deira strutur og kjemiske og fysiske eigenskapar
  • knytte strukturen av ei uorganisk sambinding til sine eigenskapar
  • diskutere elementa og deira sambindingar på basis av bindinga funnen i desse
  • samanlikne dei kjemiske og fysiske eigenskapar av elementa og deira sambindingar på tvers av det periodiske system
  • forstå og forklare ulikskapar og likskapar i kjemien av elementa i det periodiske system
  • forstå og forklare ulikskapar og likskapar i kjemien av uorganiske sambindingar

Krav til forkunnskapar

KJEM110

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t). Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester.
Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.
Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.


Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.