Litteratur, kjønn og kultur

Fakta om studiet

EmnekodeKVIK203
Studiepoeng15
UndervisingssemesterHøst
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk/engelsk
Ressursar
TilhørerInstitutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no

Mål og innhald

KVIK203 tek sikte på å studere litteratur frå eit kritisk og teoretisk perspektiv, med vekt på kjønn og kultur. Emnet vil fokusere på lesing av litteratur frå kjønnsteoretisk ståstad. Teksttilfanget kan hentast frå: ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein genre, ein forfattarskap eller ei litterær eller kulturell rørsle. Emnet kan vere eit tverrfagleg tilbod, der fageiningane samarbeider om undervisning og fagleg opplegg.

KVIK203 kan erstatte ALLV202 i spesialiseringa i allmenn litteraturvitskap.

På dei fageiningane der emne på 200-nivå også vert tilbodne som emne på 300-nivå, vil KVIK203 kunne inngå som eitt av fordjupingsemna til mastergrad.

Studiet tek sikte på å gje studenten innsikt i litteratur skriven av forfattarar av begge kjønn, samt å lese litteratur med vekt på kultur- og kjønnsproblematikk. Emnet gjev studenten eit høve til å fordjupe seg i ei spesifikk problemstilling.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal kunne tileigne seg reiskap til å arbeide med litteratur på ein måte som problematiserer sambandet litteraturen har til kulturelle spørsmål. Samstundes skal studenten utvikle ei evne til å arbeide med litterære tekstar frå eit kjønnsperspektiv.

Undervisningssemester

Haust

Studienivå

Bachelor

Undervisninga er også eit tilbod til mastergradsstudentar.

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ein rår til at studentane har fullført førstesemesterstudiet, og studentane bør ha fullført emne i språk/litteratur på 100-nivå.

Undervisning og omfang

2 timar pr.veke: seminar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttet sine retningsliner for dette på Mi Side. På emne der dette kan verte aktuelt vil studentane få informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Rettleiing i samband med skriving av semesteroppgåva er obligatorisk, og skal baserast på minimum eitt rettleiingsmøte.

Underskriven pensumliste skal innleverast innan fastsett dato. Opplysningar om innleveringsfristar står på Mi Side eller blir opplyste ved instituttet.

Vurderingsformer

Studentane skal skrive ei semesteroppgåve under obligatorisk rettleiing. I tillegg skal det avleggjast ei munnleg prøve der det blir eksaminert både i semesteroppgåva og i resten av pensumet. Det blir gitt eigen karakter på den munnlege prøva. Ved fastsetjing av endeleg karakter i emnet vil semesteroppgåva telje 2/3 og den munnlege prøva 1/3. Den skriftlege prøva må vere bestått før den munnlege prøva kan avleggjast.

Semesteroppgåva kan leverast på engelsk eller på norsk, avhengig av dei reglane som gjeld på dei ulike faga.
Studentar som tek KVIK203 som del av ei spesialisering i nordisk (200-nivå) eller mastergrad i nordisk (300-nivå) må følgje Nordisk sine krav til målform. Ved alle skriftlege eksamenar ved Nordisk blir rett og god språkføring vektlagd - dette kravet gjeld også KVIK203.

Karakterskala

Karakterskala A-F.

Læremiddelomtale

Pensumtekstane vil primært omfatte litterære tekstar, men vil også innehalde teoritekstar og sekundærlitteratur. Omfanget av pensum vil normalt tilsvare 6-8 verk (eller ca. 1000 vekta sider), avhengig av vanskegrad.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med UiBs kvalitetssikringssystem.