Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Mekanikk 1

Undervisningssemester

Haust 2014
Frå og med våren 2015 vil emnet undervises i vårsemesteret.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei innføring i kinematikk og dynamikk i fleire dimensjonar, energi og felt med spesiell vekt på gravitasjonsfelt, vekselverknad mellom objekt, stive lekamar, rotasjon, statikk, elastisitetslære, og fluidmekanikk. Emnet skal gi studentane ei grundig forståing av mekanikken sine grunnleggjande lover, omgrep og tenkjemåte og gjere studentane i stand til å nytte disse på fysiske problemstillingar. I laboratorieøvingar vert enkle eksperiment gjennomført for å belyse sentrale delar av pensum.

 

Læringsutbyte

Ved fullført emne PHYS111 skal studentane kunne:

  • forklare sentrale omgrep, lover og forklaringsmodellar innan kinematikk, dynamikk, statikk, elastisitetslære og fluidmekanikk.
  • bruke grunnleggjande lover og samanhengar til å løyse oppgåver innan kinematikk, dynamikk, statikk, elastisitetslære og fluidmekanikk.
  • teikne skisser som systematiserer problemstillingen i slike oppgåver.
  • samanfatte laboratoriearbeid i ein skriftleg rapport.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Fysikk 2 (3FY), MAT131

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratorieøving, 10 timer. Gyldighet av obligatoriske laboratorieøvinger for emnet er 6 semester, inkludert semesteret øvelsene utføres.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timer. Laboratorieøvinger må være bestått for å få gå opp til eksamen.

Tillatne hjelpemiddel: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar, matematisk formelsamlingog 5 A4-sider med studentane sine eigne notat. Notatane kan vere hand- eller maskinskrivne, men må kunne lesast utan hjelpemiddel som forstørringsglas. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at deira kalkulator er godkjend i fakultetets eksamensreglement.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

PHYS101: 3stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@ift.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    04.10.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    20.09.2017