Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Politiske institusjonar i etablerte demokrati

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Emnet omhandlar korleis statsmakta er organisert i etablerte demokrati, med vekt på variasjon og ulike løysingar når det gjeld politiske institusjonar, val- og partisystem og velferdsregimer. Studentane får innføring i korleis statsmaktene er innretta og korleis dei fungerer i høve til kvarandre, med vekt på konstitusjonar, parlament, regjering og regjeringsdanning, og statens territorial-administrative struktur. Undervisninga dekker vidare tema som partisystem og partifamiliar, val og valsystem med folkeavstemmingar, samt korleis korporatisme og velferdsløysingar fungerer mellom ulike land. I emnet vert desse tema illustrert med empiri henta frå etablerte demokrati, særleg i Europa.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten kan

  • gjere greie for korleis statsmakta er organisert i etablerte demokrati med vekt på variasjon og ulike løysingar når det gjeld politiske institusjonar
  • gi oversyn over partisystem og partifamiliar, val og valsystem med folkeavstemmingar
  • gjere greie for korleis velferdsregimer og korporatisme fungerer mellom ulike land

Ferdigheiter

Studenten kan

  • drøfte korleis statsmaktene i etablerte demokrati er innretta, korleis dei fungerer i høve til kvarandre, og drøfte korleis konstitusjonar, parlament, regjering og regjeringsdanning og statens territoriale-administrative struktur varierer
  • diskutere og samanlikne politiske system i ulike land med utgangspunkt i omgrep, teoriar og modellar om politiske institusjonar, val- og partisystem og velferdsregimer

Generell kompetanse

Studenten kan

  • skrive faglege tekstar basert på prinsippa for akademisk skriving og god kjeldebruk
  • halde empiriske døme opp mot modellar, teoriar og kategoriar

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse.

Tilrådde forkunnskapar

SAMPOL100 Innføring i samanliknande politikk

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar ved UiB

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Form: Førelesingar og seminar

Timer per veke: rundt 4

Mengd veker: rundt 14 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på seminar (minimum 75 %) og to godkjende arbeidsoppgåver, kvar på maksimalt 1500 ord.

Arbeidsoppgåvene må være godkjende før ein kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Seks timar skriftleg skuleeksamen.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F vert nytta.

Fagleg overlapp

Full poengreduksjon mot SAMPOL110

Vurderingssemester

Vår

Emneevaluering

Emnet blir evaluert etter retningslinene i Handbok for kvalitetssikring av universitetsstudia.

Institutt

Institutt for samanliknande politikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no / 55583316

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen (Ny eksamen)

    Dato
    02.10.2017, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    18.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen