Gå til innhold
English A A A
Emne SAMPOL607

Feltmetodikk: Politisk kartlegging i felt

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten kunnskap om samfunnsvitskapleg metode generelt og feltmetodikk spesielt. Etter kurset skal studenten vere i stand til å utarbeide eit vitskapleg forskingsopplegg både med omsyn til prosjekteringsfasen og innsamling og analyse av data.

Kurset gir undervisning i kvalitativ og kvantitativ metode og ser på ulike datainnsamlingsteknikkar og ulike metodar for handsaming og analyse av data. Ein sjølvstendig komponent i kurset er prosjektskisseseminaret som gir undervisning i, og studentane trening i, å skrive ei prosjektskisse til eit vitskapleg arbeid. Denne skissa skal sjåast som ein del av forarbeidet til SAMPOL650 Masteroppgåve.

Undervisninga i kurset søkjer å dekke følgjande hovudtema:

Planlegging:

  • Politisk kartlegging: kva ser ein etter.
  • Strategiar for informasjonsinnsamling i ein annan kulturell kontekst
  • Fokus/problemstilling
  • Metodeval: Kva metodar er eigna for kva
  • Forholdet mellom informasjonsinnsamlingsmetodar og informasjonsbehandling

Metodar for informasjonsinnsamling:

  • Observasjon; deltakande/ikkje deltakande
  • Ustrukturert intervju
  • Strukturert intervju
  • Tekstanalyse/dokumentanalyse
  • Survey

 

Metodar for informasjonsbehandling og analyse:

  • Small vs. large N, fortolking/objektivitet/generalisering/trekkje slutningar
  • Hypotetisk deduktiv metode/induktiv metode
  • Statistikk
  • Evaluering av metodane

 

Utfordringar på feltarbeid

Forskingsstrategiar

 

 

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:

  • Beskrive samfunnsvitskapleg metode generelt og feltmetodikk spesielt.
  • Utarbeide eit vitskapleg forskingsopplegg både med omsyn til prosjekteringsfasen og innsamling og analyse av data.
  • Gjere greie for kvalitativ og kvantitativ metode, ulike datainnsamlingsteknikkar og ulike metodar for behandling og analyse av data.
  • Vere i stand til å utarbeide ei prosjektskisse til et vitskapleg arbeid.

 

Eksamenssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk og engelsk

Studienivå

 Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Institutt

 Institutt for samanliknande politikk

Krav til studierett

Kurset er opent for studentar som fyller krava til forkunnskapar.

 

 

Krav til forkunnskapar

 Bachelorgrad eller tilsvarande

 

Undervisning og omfang

Emnet vektlegg ulike undervisningsformar som førelesningar, rollespel, gruppearbeid, diskusjonar og rettleia heimeoppgåver.

42 timar totalt

 

 

Obligatoriske arbeidskrav

Nei

Vurderingsformer

Eksamen er ein skriftleg eksamen i form av ein heimeeksamen. Innleveringsfrist er ein månad/4 veke og innleveringa bør ikkje overskrida 4500 ord.

 

 

Karakterskala

Bestått/ikke bestått

Emneevaluering

 Emnet evaluerast jamleg

Kontaktinformasjon

studieveileder@isp.uib.no/ 55583316