Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur IV
Masteremne
- Studiepoeng
- 10
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- ENG334
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.
ENG334 er eit spesialisert studium, normalt i eit tema frå amerikansk litteratur og/eller kultur. innanfor amerikansk, britisk eller verdslitteratur på engelsk. Innhaldet i emnet vil variera frå år til år, og kan óg omfatta britisk og/eller annan engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Tekst til faget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv.
Læringsutbyte
Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- har utvikla vidare kjennskap til disiplinen generelt
- har tileigna seg spesialisert kunnskap om temaet emnet omhandlar
- har fått kjennskap til nyare forsking på det aktuelle feltet emnet omhandlar
Ferdigheiter
Studenten
- kan drøfte tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur frå ein kritisk og teoretisk ståstad, og med ei analytisk tilnærming
Generell kompetanse
Studenten
- er i stand til å arbeide med særlege teoretiske/metodiske problemstillingar over ei visstid
- har vidareutvikla evna til å uttrykke akademiske idéar på skriftleg og munnleg engelsk
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Haust
Emnet vert tilbydd om ressurssituasjonen tillèt det.
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Seminar: opp til 16 timar.
Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Vurderingsformer
Eksamen er ein fire timars skoleeksamen.
Skoleeksamen kan bli digital.
Karakterskala
Vurderingssemester
Litteraturliste
Pensum i emnet er sett saman av opptil 700 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 6-8 verk. Teoritekstar høyrer med. Det vil òg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur.
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.