Bacheloroppgåve i musikkvitskap
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 15
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- MVK250
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Emnet skal gi utvida musikkvitskapleg kunnskap. Arbeidet med bacheloroppgåva skal øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av musikkvitskaplege problemstillingar. Målsetjinga med oppgåva er at studentane skal kunne gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei musikkvitskapleg problemstilling ved hjelp av den "verktykassa" dei har tileigna seg gjennom bachelorstudiet.
Oppgåva skal ta utgangspunkt i eit tema som skal drøftast ut frå eit teoretisk perspektiv, tidlegare forsking eller ved ei fortolkningsmessig analyse av en musikalsk tekst eller utval av musikalske tekster, eller ei empirisk analyse av kvalitative data samla ved feltarbeid. Emnet gir studentane evner til å framstille sitt eige arbeid både skriftleg og munnleg, samt kritisk kommentere andre sine tekster.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte:
Kunnskap
Studenten..
- Kan sjølv å velje ei musikkvitskapleg problemstilling, finne relevant litteratur, og setja seg inn i tidlegare forsking innan emnet.
Ferdigheiter
Studenten..
- Kan gjennomføre ei sjølvstendig drøfting og analyse av ei musikkvitskapleg problemstilling.
Generell kompetanse
Studenten..
- Kan nytte spesifikke teoretiske perspektiv og metodiske verktøy for å løysa ei musikkvitskapleg problemstilling, og kan framstille arbeidet sitt både skriftleg og munnleg.
Fulltid/deltid
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Studentane i samråd med faglærar vel kva tema som skal danne utgangspunkt for bacheloroppgåva.
Obligatorisk rettleiing i samband med oppgåveskriving; oppgåveseminar samen med andre studentar som tar emne.
- Problemstilling for bacheloroppgåva skal godkjennast.
- Rettleiing: Studentane har rett og plikt til rettleiing i arbeidet med bacheloroppgåva. Minimum to rettleiingsmøter er obligatoriske. Studentane pliktar å halda dei fristane for innleveringar og rettleiing som vert sette av faglæraren.
- Oppgåveseminar: Studentane skal munnleg presentera oppgåva og kommentera andre studentar sine oppgåver. Studentar som ikkje fylgjer desse retningslinene mister retten til å ta eksamen i emnet.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjende før eksamen.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.
Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
- Eksamen er ei rettleidd bacheloroppgåve på 5000 - 6000 ord, litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna, over eit tema som studentane vel i samråd med faglærar. I tillegg er det ei justerande munnleg prøve der studentane blir eksaminerte i heile pensum og i bacheloroppgåva.
Bacheloroppgåva må vere greidd før ein kan gå opp til munnleg prøve.
Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.