Home
Student Pages
erasmus+

Université Paris-Est Créteil and Department of Archaeology, History, Cultural Studies and Religion (ERASMUS+)

  • CountryFrance
  • TownCréteil
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Université Paris-Est Créteil Val de Marne (UPEC) er ein av i alt tretten arvtakarar til det gamle prestisjeuniversitetet Sorbonne, som blei delt i 1970. Det er òg medlem i paraplysamarbeidet Université Paris-Est. Universitetet har eit breitt fagtilbod, som dekker alle dei klassiske fagdisiplinane, med noko ekstra tyngde innan administrasjon og tekniske fag. Det har om lag 32 000 studentar. Universitetet sin hovudcampus ligg i Créteil, om lag 30 minutt søraust for Paris sentrum.

Paris er Frankrikes hovudstad og største by, med om lag 12 millionar innbyggarar i storbyregionen. Han ligg nord i landet, i hjartet av regionen Île-de-France. Paris er kjend som ein kunstnarby og ein av Europas fremste kulturbyar. I forstaden Créteil bur det rundt 90 000 innbyggarar.

Accommodation

Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Paris. Universitetet sitt internasjonale kontor kan gi hjelp og informasjon, men understrekar at det er viktig å begynne leitinga i god tid. Dei fleste offentlege studentbustadane i Paris er administrerte av studentsamskipnaden CROUS. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semester duration

September - desember og januar - mai/juni.

Information