Biologididaktikk

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Det overordna målet i emnet er at studentane skal utvikle seg som profesjonsutøvarar knytt til undervisning av biologi. Emnet har to gjennomgåande hovudspørsmål: korleis og kvifor.

I emnet blir det lagt stor vekt på varierte arbeidsmåtar i biologi, inkludert andre læringsarenaer enn klasserommet. Emnet har fokus på ulike utfordringar knytt til enkelte biologiske tema, som vanlege og kjente misforståingar, kontroversielle tema, og etiske utfordringar.

Emnet er gjennomgåande basert på forsking, henta frå biologi- og naturfagdidaktikk i tillegg til andre relevante felt. Læring og undervisning blir satt inn i et biologisk og evolusjonært perspektiv, og emnet byggjer på eit evolusjonspsykologisk læringssyn.

Emnet er lagt i same semester som ein lang praksisperiode der studentane får undervise i biologi, og der dei kan teste ut kompetansen i praksis og bruke erfaringane i siste del av emnet.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • er godt kjent med biologididaktikk som forskingsfelt og har inngåande kunnskap om eit utval relevant forsking
  • har inngåande kunnskap og erfaring med varierte arbeidsmåtar i biologi og korleis og kvifor desse kan bidra til læring
  • har kunnskap om faktorar som kan påverke elevanes motivasjon og interesse for faget
  • har kunnskap om utfordringar knytt til ulike biologiske tema som til dømes evolusjon
  • har kunnskap om korleis læring kan setjast inn i eit biologisk og evolusjonært perspektiv

Ferdigheiter

Studenten

  • kan definere tydlege læringsmål for elevane, velje arbeidsmåtar som er veleigna for at elevane skal nå læringsmåla og kunne evaluere i kva grad måla vart nådd
  • kan leggje til rette for gode læringsprosessar i biologi basert på forsking frå ulike felt, inkludert biologididaktikk og evolusjonspsykologi
  • kan nytte varierte arbeidsmåtar, inkludert alternative læringsarenaer, digitale verktøy og utforskande læring, og kunne grunngje dei
  • kan nytte og kritisk vurdere forskingsbaserte kjelder og metodar for å få kunnskap om elevar, undervisning og læring i faget
  • kan analysere læreplanar i biologi og velje relevante arbeidsmåtar og vurderingsformar i høve til kompetansemåla i læreplanen
  • kan reflektere over etiske problemstillingar og korleis ein kan leggje opp undervisning i etisk utfordrande eller kontroversielle tema i biologi
  • kan motivere elevar og leggje til rette for interesse for biologi

Generell kompetanse

Studenten

  • kan nytte forsking frå biologi, biologididaktikk og andre relevante kjelder til å vidareutvikle seg som profesjonsutøvar

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår
Krav til forkunnskapar

PEDA131, REALDI200 og langpraksis i 5. semester

Emnet skal normalt takast parallelt med langpraksis i lektorprogrammet i 8. semester.

Tilrådde forkunnskapar
Kampuspraksisdag 5, 6 og 7
Studiepoengsreduksjon
Overlapp med BIODID220: 10 studiepoeng
Krav til studierett
Studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet sitt lektorprogram i naturvitskap og matematikk
Arbeids- og undervisningsformer
Førelesing, gruppearbeid, workshops, feltundervisning, skriftlege oppgåver og munnlege presentasjonar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Deltaking på 80 % av undervisinga.
  • Innlevering av inntil 5 skriftlege oppgåver, samt fagfellevurderingar og framlegg i øktene, i gruppe og individuelt.
  • Gyldig i fire semester, inneverande og tre påfølgande.

    Vurderingsformer

    I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

    • munnleg eksamen
    Karakterskala
    Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F
    Vurderingssemester
    Haust/Vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 1. desember.
    Emneevaluering
    Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
    Programansvarleg
    Lektorutdanningsutvalget ved MN og UiBs sentrale programstyre for lektorutdanning har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet. Matematisk institutt har det administrative ansvaret for programmet.
    Emneansvarleg
    Institutt for biovitenskap
    Administrativt ansvarleg
    Institutt for biovitskap