Aspektar ved det engelske språksystemet

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet utforskar språksystemet og tek for seg ein eller fleire sentrale språkkomponentar i engelsk, som t.d. leksikon, semantikk, fonologi, morfologi eller syntaks.

Innhaldet i emnet kan variere frå år til år.

Emnet kombinerer teori og praktiske øvingar for å gi studentane ei brei forståing av innhaldet.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studentane følgjande læringsutbyte, definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. Desse vert oppnådd ved sjølvstendig arbeid med pensum, førebuing til forelesingar og seminar, og gjennomføring av obligatoriske aktivitetar som er spesifiserte under «Obligatorisk undervisningsaktivitet»:

Kunnskapar

Studentane

  • har inngåande kunnskap om aspekt ved det engelske språksystemet
  • har kjennskap til omgrep og terminologi som vert nytta i studiet av det engelske språksystemet

Ferdigheiter

Studentane kan

  • bruke språkdata til å diskutere, forklare og kontekstualisere språkstrukturar og -fenomen
  • skildre og analysere data som er relevant for språksystem
  • diskutere tema innan språksystem med eit presist omgrepsapparat
  • -dentifisere og skildre ulike omgrep og metodar som er relevante for språksystem, i arbeid med språkdata
  • velje ut relevant informasjon frå ulike kjelder
  • knyte avanserte lingvistiske omgrep og teoriar til kjende omgrep og teoriar

Generell kompetanse

Studentane kan

  • tenke og argumentere analytisk, kritisk og sjølvstendig
  • bruke analytiske omgrep, teoriar og metodar i vitskaplege språkstudium
  • handtere og organisere ny informasjon og knyte den til kjend kunnskap
  • arbeide sjølvstendig, planleggje eige arbeid, nå mål og halde tidsfristar
  • uttrykkje seg på korrekt akademisk engelsk, både skriftleg og munnleg
  • utvide deira kunnskap gjennom vidare studiar av engelsk lingvistikk

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen formelle krav, men sjå «Tilrådde forkunnskapar».
Tilrådde forkunnskapar

Ein vil sterkt rå til at studentane i tillegg til generell studiekompetanse har studiespesialiserande programfag i engelsk frå vidaregåande skole med gode karakterar. For studentar med annan bakgrunn er det tilrådd med eit engelsknivå tilsvarande C1 i samsvar med the Common European Framework of Reference for Languages

Ein vil sterkt rå til at studentane har teke innføringssemesteret og ENG110 (Lydar og strukturar) eller tilsvarande kurs.

Studiepoengsreduksjon
På grunn av fagleg overlapp blir studiepoengutteljinga for ENG120L">ENG120L redusert om emnet blir kombinert med ENG106 (5 studiepoeng), ENG107 (5 studiepoeng), ENG108 (5 studiepoeng), ENG109 (5 studiepoeng), ENG118 (5 studiepoeng), ENG119 (5 studiepoeng) eller ENG120 (5 studiepoeng).
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med opptak til lektorutdanninga med master i framandspråk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar: opp til 24 timar

Det er venta at studentane er til stades og tek aktivt del i undervisninga. Dette ligg også til grunn for førebuing til eksamen.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne ta eksamen må studentane ha gjennomført og bestått følgjande obligatoriske aktivitetar:

  • ein kort presentasjon eller ei skriftleg oppgåve, maks 500 ord (typen aktivitet kan variere frå år til år)
  • ei fleirvalsoppgåve

Detaljert informasjon om oppgåvene, presentasjonane og prosedyrar/fristar for innlevering vert kunngjort på Mitt UiB. Alle obligatoriske arbeidskrav må gjennomførast i same semester.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ein to timars skoleeksamen i Inspera.

Studentar som ikkje har oppfylt dei obligatoriske krava (sjå «Obligatorisk undervisningsaktivitet») misser retten til å ta eksamen.

Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Autumn. Assessment also at the beginning of the spring semester for students with valid compulsory assignments. It is recommended that students take the exam at the end of the teaching semester.
Litteraturliste
Pensum omfattar ulike tekstar som er relevante i studiet av det engelske språksystemet og engelsk språkvariasjon. Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret.
Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen hjelpemiddel er tillatne ved eksamen.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk.
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.