Helseøkonomi

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Studentane skal få oversikt over grunnleggande omgrep i økonomifaget. Det vert lagt vekt på å vise korleis desse omgrepa kan brukas til å vurdere styringsproblem i helsesektoren.

Studentane skal også få innsikt i metodar for vurdering av lønsemd av helsetiltak og behandlingsformer samt innsikt i økonomisk styring og verksemdplanlegging i helsesektoren.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten

  • har avansert kunnskap om korleis myndighetene kan påverke forhold som har mykje å seie for folks helse, korleis myndighetene kan betale aktørane som produserer helse- og omsorgstenester og kva incentivverknadar dei ulike betalingsmodellane kan gje.
  • har avansert kunnskap om i kva grad marknadstankegang og bruk av konkurransestimulerande strategiar kan bidra til betre ressursbruk i sektoren.
  • har brei kunnskap om korleis helse- og omsorgstiltak kan evaluerast, eksempelvis ved bruk av kostnadseffektivitetsanalyser, nyttekostnadsanalyser og kostnadsverdianalyser.
  • har brei kunnskap om prinsippa for intern organisering og styring av helseinstitusjonar samt bruk av regnskap og andre rutinar for rapportering av økonomiske resultat.

Ferdigheiter

Studenten

  • kan analysere utfordringane når det gjeld å prioritere bruken av knappe ressursar innan helse- og omsorgssektoren og moglege problem knytt til fordeling av helsetenester.
  • kan analysere eigen verksemd i et principal-agent perspektiv.

Generell kompetanse

Studenten

  • kan analysere kor tenleg ulike styringsmodellar og reguleringar er for eigen verksemd og for helse- og omsorgssektoren i stort.
  • kan kommunisere kunnskap og perspektiv om styringsutfordringar i eigen verksemd og i sektoren.

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Emne på masternivå

Undervisningssemester

Haust og vår
Krav til forkunnskapar
Du må ha bachelorgrad, cand.mag.grad eller tilsvarende grunnutdanning av minimum 3 års omfang, samt minimum 2 års yrkespraksis fra helsetenesta i Noreg
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studiet er beregnet på helsepersonell med grunnutdanning av et omfang som minimum tilsvarer en bachelor-grad, og som har minst to års relevant yrkespraksis fra norsk helsetjeneste. Søkere med annen relevant utdanning, som for eksempel samfunnsvitere og økonomer, inngår også i målgruppen for programmet.
Arbeids- og undervisningsformer
Deltidsstudiet går over seks månader med undervising i to eller fire dagar pr. månad. Ved sida av forelesninger er det sett av tid til gruppediskusjon. Det vert forventa at studentane held seg oppdatert på oppgitt litteratur og set av tid til sjølvstudium mellom samlingane.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ein individuelle skriftlig oppgåve (2000 ord eller ca 5 sider), og eit gruppearbeid som vert presentert munnleg i plenum, støtta av ein PPT-presentasjon. I tillegg må man ha minimum 80% oppmøte til undervisning.
Vurderingsformer

Heimeeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.
Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
Eksamen vurderes etter karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07
Emneevaluering
Emnet vert evaluert gjennom fortløpande tilbakemeldingar.
Programansvarleg
Programutvalg for ledelse, økonomi, kvalitet og digitalisering i helse
Emneansvarleg
Egil Kjerstad
Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitenskapelige fakultet.

Institutt for global helse og samfunnsmedisin har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.