Klassiske sosiologiske teoriar

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gje innsikt i sentrale bidrag i klassiske sosiologiske teoriar. Ein skal verta kjende med korleistilhøvet mellom sosial handling og sosial orden blir handsama innanfor dei ulike perspektiva. Dei uliketeoribidraga vert også presenterte gjennom eit utval av sosiologiske originaltekstar. Det vert lagt vekt på åforstå den historiske bakgrunnen for dei klassiske teoriane og perspektiva. Dette gjeld mellom annaframveksten av kapitalismen, industrialisering og urbanisering, framveksten av den moderne staten ogbyråkratisk organisasjon, framveksten av moderne kultur og livsstilar og endringar i familie ogkjønnsrelasjonar. Døme på sentrale tema er makt, byråkrati og legitim dominans, kapitalistisk produksjon,klasse, rase, kjønn og sosial ulikskap, sosial integrasjon og fellesskap, religiøse seremoniar og symbol,erfaringar av urbanitet, framveksten av den moderne kulturen, sosial samhandling og danning av eitmodent sjølv som har kritisk sjølvinnsikt og evne til å ta andre sine perspektiv innanfor ein demokratiskfellesskap. Målet er også at studentane skal lære å bruke kunnskapen om ulike klassiske perspektiv til ådrøfte aktuelle samfunnsspørsmål.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generellkompetanse:

Kunnskapar

Etter avslutta emne kan studenten

  • gjere greie for sentrale klassiske bidrag i sosiologien og ulike teoretiske perspektiv knytt til tilhøvet mellom handling og orden
  • gjere greie for og skilje mellom kollektivistiske og individualistiske forklaringar av samfunnsorden ogmellom rasjonelle og ikkje-rasjonelle forklaringar av sosial handling.
  • plassere teoriane i høve til samfunnskontekst og historisk tid, og gjere greie for korleis den klassiskesosiologien kan gje bidrag til å forstå og analysera aktuelle samfunnstilhøve

Dugleikar

Etter avslutta emne kan studenten

  • svare på problemstillingar på ein analytisk og drøftande måte med grunnlag i vitskaplege tekstar
  • kunne bruke ulike teoretiske perspektiv og omgrep for å forstå og diskutere den historiske konteksten
  • ha innsikt i den aktuelle relevansen til dei klassiske teoriane
  • skrive ein tekst ut frå faglege etiske kriterium, korrekte litteraturreferansar og kjeldetilvisingar

Generell kompetanse

Etter avslutta emne har studenten

  • forståing og respekt for akademisk skrivearbeid og vitskapleg tenkjemåte
  • forståing av kor viktig det er at ulike faglige synspunkt kjem fram og blir diskuterte
  • generelle dugleikar i kritisk tenking og evne til å skilje mellom argument ut i frå kva for teoretiskeperspektiv dei er grunna i

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Går første gang våren 2025

Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Studiepoengsreduksjon
SOS121 (10 studiepoeng) og SOS122 (10 studiepoeng) vil tilsammen utgjøre 20 studiepoeng, dvs. 5 studiepoeng mer enn SOS101 (15 studiepoeng).
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer

10 forelesningar.

10 seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve (2000 ord, +/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar ogvedlegg) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk.

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre forstudentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten påstudieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.