Det norske samfunn i endring

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Med framveksten av det moderne Noreg vart tidlegare former for makt og ulikskap dels endra og dels vidareførte. Med hovudvekt på Noreg gjev dette emnet ei innføring i korleis slike prosessar kan analyserast, og korleis sentrale maktstrukturar og institusjonar i dagens samfunn heng saman med, og formar aktørar sine livssjansar og livsløp.

Gjennom å sjå dette i relasjon til sosiale institusjonar og områder som utdanning, velferd, økonomi, arbeidsmarknader og arbeidslivsrelasjonar, migrasjon, sosiale nettverk og sosial mobilitet, og gjennom å knytte dette til analytiske storleikar som kjønn, klasse, etnisitet og alder, vil emnet gje ei innføring i korleis sentrale former for makt og ulikskap har utvikla seg over tid i det norske samfunnet, og kva former for makt og ulikskap som er dominerande i det norske samfunnet av i dag. Kurset vil vektlegge både klassiske og nyare analysar av desse problemstillingane.

Kurset vil også ta føre seg korleis det som gjerne vert kalla «Den norske modellen» skil seg frå andre måtar å organisere økonomiske relasjonar, arbeidslivrelasjonar og velferdsordningar på. Likeeins vil utfordringar og endringar som følgje av internasjonaliserings- og globaliseringsprosessar bli drøfta.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjere greie for dei mest grunnleggande omgrepsfestingane av makt og ulikskap
  • gjere bruke av desse og andre sosiologiske nøkkelomgrep i utgreiing av:
  • sentrale institusjonar, strukturar og prosessar i det norske samfunnet, som td.
    • utdanning
    • arbeid, arbeidsmarknader og arbeidslivsrelasjonar
    • økonomi
    • migrasjon,
    • sosiale nettverk
    • intragenerasjonell og intergenerasjonell sosial mobilitet
    • livsløp
    • velferdsstaten
  • «Den norske modellen», og på kva måtar denne både liknar på, men også skil seg frå andre måtar å organisere sentrale sosiale relasjonar.

Ferdigheiter

Studenten kan

  • skilje mellom, og drøfte ulike former for makt i det norske samfunnet
  • skilje mellom, gjere greie for og drøfte ulike former for ulikskap i det norske samfunnet
  • analysere og drøfte ulike sosiale prosessar, strukturar og utviklingstrekk med vekt på desse dimensjonane
  • ha kjennskap til sentrale sosiologiske arbeid og forskingstradisjonar på desse felta
  • kunne gjere bruk av generelle sosiologiske omgrep og teoriar om for å drøfte utviklingstrekk ved den norske samfunnsformasjonen
  • finne og anvende faglitteratur og anna kjeldegrunnlag for drøfting av ei oppgitt problemstilling
  • anvende kjelder på korrekt måte i skriftlig framstilling

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Går første gang høsten 2025

Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
SOS103 (10 studiepoeng) og SOS103-L (10 studiepoeng)
Krav til studierett
Emnet er ope for alle studentar ved UiB
Arbeids- og undervisningsformer
10 førelesingar og seminar
Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei innleveringsoppgåve på 2000 ord (+/- 10%, ekskludert framside, innhaldsliste, litteraturliste, tabellar og vedlegg) som skal vere godkjend før studenten kan gå opp til eksamen i emnet.

Godkjende obligatoriske arbeidskrav er gyldige i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

4 timars skuleeksamen.

Eksamensoppgåva vil bli gitt på emnets undervisningsspråk.

Eksamenssvaret kan leverast på norsk, svensk eller dansk. Det er også høve til å levere på engelsk

Karakterskala
A-F
Vurderingssemester
Eksamen vert berre tilbydd i undervisningssemesteret. Ny eksamen påfølgande semester berre for studentar med rett til ny vurdering.
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.07. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Alle emne blir evaluert i tråd med UiBs kvalitetssystem for utdanning.
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Sosiologisk institutt har det administrative ansvaret for emnet.