Hjem
Det matematisk-naturvitenskapelige fakultet
Nyheter

MatNat støttar Aldri OK

Aldri OK er ein studentdriven kampanje mot trakassering. No har MatNat-fakultetet stilt seg bak.

Signering av Aldri OK
SIGNERTE AVTALE: Leiar i Realistutvalet, Haakon Ervik og dekan Helge K. Dahle signerte i februar Aldri OK-avtalen.

Hovedinnhold

Aldri OK-kampanjen er starta av studentar, og kjempar for at ingen skal verta usette for misbruk, trakassering eller nokon form for diskriminering. 

Torsdag 15. februar signerte Haakon Ervik, leiar i Realistutvalet og dekan ved MatNat Helge K. Dahle oppropet til Aldri OK. 

Det forpliktar mellom anna til å sørgja for eit trygt miljø for alle tilsette, studentar og besøkande ved fakultetet.