Hjem
Forsknings- og innovasjonsavdelingen
Ph.d.-utdanning

Ta ein ph.d. ved UiB!

Ph.d.-utdanning gjer deg moglegheit til å kunne jobbe i akademia og forske på eit felt du har interesse for. Martin Mindestrømmen jobba som forsvarsadvokat, men ville fordjupe seg i spørsmål mellom strafferett, psykisk helse og filosofi. – Eg føler ikkje at eg går på jobb, men det kjem pengar på konto, seier ph.d.-stipendiaten.

portrett av Martin Mindestrømmen
Foto/ill.:
Dag Hellesund

Hovedinnhold

Då Mindestrømmen byrja på universitetet blei det på ein bachelor i filosofi og idehistorie. Men han forstod etter kvart at det var juss han eigentleg ville drive med. Etter studia fekk han jobb som advokatfullmektig, med mange saker innan strafferett.  

- Då fekk eg besøkt ein god del av fengsla i Norge, fortel Mindestrømmen, med glimt i auget. Han jobba òg med utlendingsrett, familierett og barnevernssaker, og ei av barnevernsakene han hadde enda opp i Den europeiske menneskerettsdomstolen. Etterpå jobba han som rådgjevar for Kompetansesenter for sikkerheits-, retts- og fengselspsykiatri i Helse Bergen.  

- Spørsmåla eg jobba med der er direkte forløparar til doktorgradsprosjektet mitt.

Forskar på særreaksjonar

Mindestrømmen forskar på særreaksjonar i strafferetten: Tvungent psykisk helsevern og tvungen omsorg.  

- Det var forvirring blant fleire om korleis særreaksjonane skulle forståast, med mykje uklarheit og variasjon i rettspraksis. Eg brukte ein del tid på å sjå på det, og det resulterte i ein artikkel. Konklusjonen var at her trengst det eit djuparegåande studium.  

Så lagde han ei prosjektskisse, og søkte på ei open stilling, som han fekk.  

- Eg skreiv stor masteroppgåve då eg tok jussen, og det ga meg meirsmak på korleis det ville vere å forske. Eg hadde lyst til det, og lysta forsvann ikkje. Det låg under heile tida, sjølv om det var gøy og spennande å vere advokat, seier Mindestrømmen.  

Om eg kan velje vil eg veldig gjerne bli her. Eg synest det er heilt fantastisk å kunne jobbe på denne måten, og vere ein del av strafferettsmiljøet her i Bergen.

Då han fekk barn var det ikkje så lett å kombinere familieliv med pliktene som forsvarsadvokat, som på ingen måte er ein 8-til-4-jobb.  

- Og i den marknaden fungerer det slik at om du ikkje er «på» når nokon treng det, så går dei til nokon annan. Og så var det i aukande grad utilfredsstillande å stå og prosedere på rettslege spørsmål eg kunne tenkt meg å fordjupe meg i. Som advokat har du ikkje tid til å setje deg ned og lese, slik eg har no.  

Byter tid og sjølvutvikling med lågare løn

Men stipendiatar tener mindre enn advokatar.  

- Om ein vil ha store pengar trur eg ein må gjere noko anna. Men det har gått fint å omstille seg. Og utifrå godane ein får vil eg seie at det er godt betalt: Du får løn for å sitje og fordjupe deg i problemstillingar du interesserer deg for. Du byter tid til refleksjon og sjølvutvikling med lågare løn.  

Vil du lese meir om Martin si historie? Trykk her for å fortsette 

Erfaringane han har gjort seg som ph.d.-kandidat har gitt meirsmak. Prosjekta dei jobbar med er utruleg interessante, og seniorane i staben er flinke til å invitere dei yngre med.  

- Om eg kan velje vil eg veldig gjerne bli her. Eg synest det er heilt fantastisk å kunne jobbe på denne måten, og vere ein del av strafferettsmiljøet her i Bergen. Eg vil seie at det er Nordens beste.  

Det følgjer med ein del obligatoriske møte ein må vere med på som ph.d.-kandidat, men stort sett styrer ein tida si sjølv.  

- Men det krev òg at ein har sjølvdisiplin. Det er ikkje sikkert at det er ein fordel for alle, men om ein har interesse eller eit engasjement rundt det ein jobbar med er det veldig fint å kunne forfølgje ting utan at nokon legg rammer rundt det.  

Arbeidet til Mindestrømmen vil bidra til å klargjere korleis ulike syn på fare og risiko dannar grunnlag for særreaksjonane i strafferettspleia, og korleis bruken av desse er. Han hentar òg inn teoriar frå andre stader enn jussen:  

- Det er skrive mykje om fare og risiko i andre fag dei siste 20 åra, men desse er berre i liten grad tatt opp i høve til særreaksjonar, seier Mindestrømmen.  

Det følgjer både opp- og nedturar med livet som ph.d.-stipendiat:  

- Eg trur du kan bli veldig «down» om du ikkje er engasjert. Ein må tenkje seg om før ein går i gang med eit slikt prosjekt. Det er eit ultramaraton.

Følast ikkje som jobb

På den positive sida merkar Mindestrømmen seg at han får lov til til å jobbe med ei særleg problemstilling.  

- Eg føler ikkje at eg går på jobb, men det kjem pengar på konto. Men om det følast som ein jobb kan det nok vere frustrerande, seier han.  

Som ph.d.-kandidat får du ein rettleiar, men det er ikkje sikkert at vedkommande legg seg så mykje opp i kva du gjer. Om arbeidet stoppar opp kan det vere krise, men då får ein hjelp til å komme vidare.  

- Og du får eit breitt nettverk både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det er berre ein sjølv som avgrensar det. Ein får pengar til å reise på konferansar. Det er som om samfunnet fristiller deg for å bli ekspert på noko.

- Erfaringane er universelle

Sjølv om ein ikkje er garantert suksess i det private næringslivet trur Mindestrømmen ein som stipendiat lærer mykje som kan vere nyttig.  

- Du får mellom anna vist at du toler å stå i ein situasjon med ein del uvisse i over tid, og det trur eg næringslivet kan setje pris på. Det er heller ingen ulempe med doktorgrad om ein vil jobbe i domstolane. Ein blir ekspert på eit veldig snevert område, men erfaringane ein gjer seg på vegen er universelle. Eg tenkjer at ein blir ein betre jurist på alle juridiske fagområde ved å gå i djupna på dette vesle feltet.  

Å ta ein doktorgrad er ei forskarutdanning, som gjer deg i stand til å kritisk evaluere ulike bidrag til kunnskapsproduksjonen.  

- Ein blir òg trena opp til kritisk å evaluere arbeidet til andre. Å kunne komme med konstruktiv kritikk er òg noko positivt ein kan ta med seg vidare i livet.  

Det finst både 3- og 4-årige ph.d.-stillingar, der dei fireårige òg har undervisning som ein del av stillinga. Her har Mindestrømmen eit råd å gi til framtidige stipendiatar:  

- Om ein kan velje mellom 3- og 4-årige vil eg anbefale 4-årig. Eg synest det har vore kjempegøy å undervise, og det har vore veldig givande for prosjektet mitt. Strafferett er eit veldig engasjerande fag på jussen, som studentane har lyst til å diskutere, seier han. 

Kvifor ta doktorgradsutdanning ved UiB 

Har du tatt mastergrad, men vil fordjupe deg meir innan fagfeltet ditt? Liker du varierte dagar med moglegheit til å lære, forske og formidle? Ph.d.-utdanning gjer deg moglegheit til å kunne jobbe i akademia og forske i djupna av eit felt du har interesse for. Du vil få løn i dei tre eller fire åra fram mot oppnådd ph.d.-grad. 

Korleis er kvardagen? 

Som ph.d.-kandidat vil du jobbe i eit miljø med andre engasjerte kandidatar og forskarar. Du vil i stor grad styre dagane dine sjølv, så sant det ikkje er emne og planlagt undervisning, konferansar eller fristar i prosjektet. 

Du vil bli godt kursa i metode og bli ein godt trena analytikar. Samstundes vil du få møte studentar gjennom undervisning og løyse problemstillingar saman med andre i forskingsgruppa, som kan gje ein reell samfunnsnytte.

Du vil kunne reise på utanlandsopphald og få være med på nasjonale og internasjonale konferansar der du møter andre forskarar som er engasjerte i fagfeltet ditt. 

Ved UiB vil du i stor grad oppleve ein flat struktur, der du vil få ansvar og tillit frå forskingsleiarar. 

Motivert? Viktige eigenskapar for å trivast og lykkast. 

Som ph.d.-kandidat krevst det at du er strukturert og kan ta initiativ. Du må sjå verdien av å samarbeide med dei andre i miljøet, og du må trivast med å formidle og undervise. Til gjengjeld får du mange moglegheiter! 

Ordet ph.d. minner om masse jobb og masse press. Men det er mykje kjekkare enn ein trur! Du får lære meir via emna, du får undervise og du får forske sjølv!

Dine rettar – som ein tilsett

Som tilsett ph.d.-stipendiat mottar du løn, og du har dei same rettane som andre mellombels tilsette. Om du skulle bli gravid eller sjuk, har du rett til å få innvilga permisjon som andre arbeidstakarar. Stipendets avslutning blir då skyvd fram i tid. 

Korleis skjer opptaket til ph.d.-utdanninga? 

For opptak til eit ph.d.-program må du normalt ha ein femårig mastergrad. Finansiering til ph.d.-løpet er også naudsynt. Planen for ph.d.-utdanninga di må du skrive i form av ei prosjektskildring. Resten av krava varierer mellom fakultet, fagfelt og stipendiatstillinga som skal fyllast. Om du ønskjer meir informasjon om dette, gjer vel å sjå lista over fakultet ute til høgre. 

Hovudsakleg er det to måtar å oppnå finansiering for ph.d.-løpet. Først og fremst kan du søkje og få ei ph.d.-stipendiatstilling ved UiB. Dei vert utlyst på: Ledige stillingar ved UiB 

Har du fått stipendiatstilling ved UiB, kan det være at det relevante fakultet gjer deg opptak til ph.d.-programmet i same prosess. Ved andre fakultet vil tilsetting i stipendiatstilling og opptak til ph.d.-programmet skje i to prosessar. Fakultetet som har ditt fagfelt, vil kunne opplyse deg om gjeldande ordning for dette. 

Finansiering for ph.d.-løpet kan du også få gjennom ei stipendiatstilling eller ei annan type doktorgradsfinansiering hos ein privat eller offentleg aktør. Viss du har fått midlar til ph.d.-utdanning utanfor UiB, må du søkje om opptak i ein eigen prosess. Ta da kontakt med det aktuelle fakultet.