Gå til innhold
English A A A
Studieprogram

Masterprogram i geografi

ingressbilde

Oppstart

Haust og vår

Graden

Masterprogrammet fører frem til graden master i geografi. Studiet er toårig (120 studiepoeng).

Mål og innhald

Geografifaget er tverrfagleg og dreier seg om verdsbiletet - om mangfald og variasjon. Masterprogrammet skal gi ei brei orientering om arbeidsfelt, teoriar og metodiske tilnærmingsmåtar i faget.

Institutt for geografi tilbyr ein toåring mastergrad i geografi innanfor dei fire studieretningane:

  • Miljø- og landskapsgeografi
  • Naturgeografi (Klima- landskaps- og miljøenringar)
  • Utviklingsgeografi (Ressursforvaltning og sosial endring i utviklingsland)
  • Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging

Mastergraden er todelt og består av ein teoridel tilsvarande 60 studiepoeng og ei eiga praktisk/teoretisk masteroppgåve på 60 studiepoeng.

I løpet av det 2-årige studiet skal studentane utvikle kunnskap om sentrale tema, metodar, problemstillingar og forskingstradisjonar innan geografi. Studenten skal med rettleiing gjennomføra eit sjølvstendig praktisk/teoretisk forskingsprosjekt, normalt basert på feltarbeid, som etter 2 år skal resultere i ei masteroppgåve. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle metodiske og analytiske ferdigheitar og evner til å utforme, drøfte og analysere problemstillingar innan geografi.

Fagleg profil

Dette er dei mest sentrale områda i den faglege aktiviteten ved instituttet: regional utvikling, stad- og næringsutvikling, lokal og regional planlegging, miljø, ressursar og utvikling, migrasjon, GIS som metode, landskap og landskapsendringar, klima og natur- og miljøendringar.

Masteroppgåve

Oppgåva gir tematisk spesialisert kunnskap som er tenleg i undervisning, utgreiings- og forskingsoppgåver og for arbeid i offentleg forvalting og privat næringsliv. Du skal lage ei prosjektskisse og gjennomføre eit sjølvstendig praktisk og teoretisk forskingsprosjekt under rettleiing. Oppgåva byggjer normalt på feltarbeid i inn- eller utland.

Metode

Metodisk er faget vel så kvalitativt som kvantitativt, med ein sterk feltarbeidstradisjon. Feltstudiar er derfor ein sentral og metodisk del av faget, både i undervisninga og i masteroppgåva. Masteroppgåva kan dessutan basere seg på spesielle geografiske metodar som kartografi, GIS (geografiske informasjonssystem) og fjernanalyse.

Studiestart

Haust og vår

Opptakskrav

Programmet er ope for norske søkjarar og for sjølvfinansierte utanlandske søkarar som kan norsk ("Bergenstest" 450 poeng, karakteren 2 frå vidaregåande skule eller bestått norskkurs trinn 3 ved Universitetet i Bergen.)

Opptaksgrunnlaget er bachelor- eller cand. mag.-grad i geografi (eller tilsvarande), og det vert stilt minstekrav til spesialiseringa (90 studiepoeng) tilpassa dei ulike studieretningane innanfor bachelorgraden (eller det alternative opptaksgrunnlaget).

Krav til spesialiseringa for opptak på dei ulike studieretningane på master (for søkjarar som har tatt utdanning ved UiB):

Kven kan søkje

Du søkjer opptak til Det samfunnsvitskaplege fakultet. Søknadsfristen er 15. april for studiestart i august og 1.november for studiestart i januar. Dersom du har utdanning frå andre institusjonar enn UiB som inngår i det faglege opptaksgrunnlaget for masterprogrammet, må du søkje om innpassing innan 15. april/ 1. oktober. Det gjeld også utdanning som blir avslutta i inneverande semester. Sjå http://www.uib.no/utdanning/opptak/masterstudium/opptak-til-masterstudium

Delstudium i utlandet

Det er i dag mange alternativ for dei studentane som ønskjer å ta ein del av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for geografi tilbyr studieopphald i desse landa og anbefaler studentar som ynskjer delstudium i utlandet om å erstatta særemna med studiar hos våre samarbeidspartnarar.

Vidare studium

Studentar med mastergrad kan søkje om opptak til organisert forskarutdanning, ph.d.-utdanninga.

Meir infomasjon

studieveileder@geografi.uib.no / 55 58 30 73

Omfang

Graden er toårig (120 studiepoeng).

Undervisningsspråk

Engelsk og norsk

Studiestart

Haust og vår

Mål og innhald

Geografifaget er tverrfagleg og dreier seg om verdsbiletet - om mangfald og variasjon. Masterprogrammet skal gi ei brei orientering om arbeidsfelt, teoriar og metodiske tilnærmingsmåtar i faget.

Institutt for geografi tilbyr ein toåring mastergrad i geografi innanfor dei fire studieretningane:

  • Miljø- og landskapsgeografi
  • Naturgeografi (Klima- landskaps- og miljøenringar)
  • Utviklingsgeografi (Ressursforvaltning og sosial endring i utviklingsland)
  • Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging

Mastergraden er todelt og består av ein teoridel tilsvarande 60 studiepoeng og ei eiga praktisk/teoretisk masteroppgåve på 60 studiepoeng.

I løpet av det 2-årige studiet skal studentane utvikle kunnskap om sentrale tema, metodar, problemstillingar og forskingstradisjonar innan geografi. Studenten skal med rettleiing gjennomføra eit sjølvstendig praktisk/teoretisk forskingsprosjekt, normalt basert på feltarbeid, som etter 2 år skal resultere i ei masteroppgåve. Gjennom arbeidet med oppgåva skal studenten utvikle metodiske og analytiske ferdigheitar og evner til å utforme, drøfte og analysere problemstillingar innan geografi.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha fullført masterstudiet i geografi skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheit og generell kompetanse:

Kunnskap

  • Analysere og presentere avansert, relevant kunnskap innan geografisk forsking knytt til valt spesialisering innan studieretningane naturgeografi, miljø- og landskapsgeografi, utviklingsgeografi eller økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging
  • Analysere og presentere kunnskap frå forsking innan tema som brevariasjonar, flaum, skred, frostfenomen, tregrensefluktuasjonar, plantesuksesjon og klimaendringar (kandidatar i naturgeografi)
  • Analysere og presentere kunnskap frå forsking innan tema som natur- og kulturlandskap, endringsprosessar, biodiversitet, natur- og miljøforvaltning, økologi, vegetasjon og klima (kandidatar i miljø- og landskapsgeografi)
  • Analysere og presentere kunnskap frå forsking innan tema som utvikling og migrasjon, politisk økologi, miljødiskursar og institusjonar i utviklingsland (kandidatar i utviklingsgeografi)
  • Analysere og presentere kunnskap fra forsking innan tema som entreprenørskap, innovasjonar, føretaksstrategiar, næringsutvikling, omstilling, arbeidsmarknad, velferdsspørsmål stadutvikling og by- og regional og infrastrukturplanlegging (kandidatar i økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging)
  • Analysere geografiske problemstillingar med utgangspunkt i ei faghistorisk og vitskapsteoretisk forståing

Ferdigheit

  • Bruke aktuelle teoriar, metodar og fortolkingar innan spesialiseringa i geografi og arbeide sjølvstendig og i team med praktisk og teoretisk problemløysing
  • Etablere og videreutvikle profesjonelle relasjonar med aktørar i samfunns- og næringsliv
  • Velje og avgrense eit forskbart tema for ei masteroppgåve og utvikle ei problemstilling som kan gjennomførast innanfor den gitte tids- og ressursmessige ramme
  • Velge relevante metoder for innsamling av empiriske data, og gjere greie for metodeval epistemologisk
  • Avgrense, planlegge og gjennomføre innsamling av empiriske data gjennom ulike former for feltarbeid
  • Drøfte og analysere ulike informasjonskjelder kritisk, analysere empiriske data og formulere geografisk-faglige resonnement og analyser

Generell kompetanse

  • Gjere systematiske søk i bibliotek, vitskaplege og andre databaser og tolke og vurdere data og litteratur kritisk
  • Innhente og behandle data og gjere feltundersøkingar i samsvar med god etisk praksis og i samsvar med god HMS-praksis
  • Presentere forskingsresultat som akademisk tekst, i offentlege medium og i munnleg form

Opptakskrav

Programmet er ope for norske søkjarar og for sjølvfinansierte utanlandske søkarar som kan norsk ("Bergenstest" 450 poeng, karakteren 2 frå vidaregåande skule eller bestått norskkurs trinn 3 ved Universitetet i Bergen.)

Opptaksgrunnlaget er bachelor- eller cand. mag.-grad i geografi (eller tilsvarande), og det vert stilt minstekrav til spesialiseringa (90 studiepoeng) tilpassa dei ulike studieretningane innanfor bachelorgraden (eller det alternative opptaksgrunnlaget).

Krav til spesialiseringa for opptak på dei ulike studieretningane på master (for søkjarar som har tatt utdanning ved UiB):

Omfang masteroppgåva

Masteroppgåva gir tematisk spesialisert kunnskap som er teneleg i undervisning, utrednings- og forskingsopgåver og for arbeid innan offentleg forvaltning og det private næringsliv. Under rettleiing skal du utforme ei prosjektskisse og gjennomføre eit sjølvstendig, praktisk og teoretisk forskingsprosjekt. Vidare skal du gjennomføre eit eige arbeid av praktisk og/eller teoretisk art relatert til problemstillinga, samt produsere ei masteroppgåve etter praktisk/teoretisk arbeid. Oppgåva byggjer normalt på feltarbeid i inn- eller utland.

Rekkefølje for emne i studiet

Emna i teoridelen vert valt fritt blant emna på GEO300-nivå, men alle obligatoriske emne må vera valt. Det kan etter søknad innpassast emne frå andre utdanningsinstitusjonar.

 

Dei obligatoriske emna er:

 

Det er ikkje bestemt krav til rekkefølgje av kursa, men studentane vert tilrådd å byrje om hausten og gå rekkefølgja skissert i tabellen under. Obligatoriske kurs for graden er utheva:

 

Naturgeografi:

 

Miljø- og landskapsgeografi

 

Økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging:

 

Utviklingsgeografi:

 

Institutt for geografi har opptak to gongar i året til sitt Masterprogram, men tilrår studentane å byrja om hausten. For dei som byrjar om våren må 1. og 2. semester takast i motsett rekkefølgje. Feltarbeidet vert då utført enten mellom 1. og 2. semester eller 2. og 3. semester avhengig av studieretning og val av tema.

 

Før masteroppgåva (GEO350) kan fullførast og leverast, må heile kursdelen på 60 studiepoeng, inkludert alle obligatoriske emne, vere avlagt.

 

Studenten skal også ha gjennomført og bestått 3 milepælar før masteroppgåva (GEO350) kan fullførast og leverast

  • 1. milepæl (1.semester ¿ normalt 1. haust): GEO310 ¿ presentasjon av prosjektskildringa kor rettleiar og opponent deltar. Medstudentar, stipendiatar og vitskapleg stab deltar etter eige ønskje. Går føre seg 2. veka i desember.
  • 2. milepæl (2. semester ¿ normalt 1. vår): GEO309 ¿ presentasjon og diskusjon av kladd til semesteroppgåva i forskargruppa. Går føre seg 3 veker før frist for endeleg innlevering som er 15.mai / 15.november
  • 3. milepæl (3. semester ¿ normalt 2. haust): Etter felt. Lage kort rapport og presentere data, hovudfunn og metodeproblematikk i forskargruppa. Går føre seg siste veka i september/februar.

 

Milepælane er obligatorisk studiekrav som ikkje er avgrensa gyldige.

Delstudium i utlandet

Det er i dag mange alternativ for dei studentane som ønskjer å ta ein del av utdanninga i eit anna land. Universitetet i Bergen har samarbeidsavtalar med universitet, institusjonar og organisasjonar i mange land og regionar. Institutt for geografi tilbyr studieopphald i desse landa og anbefaler studentar som ynskjer delstudium i utlandet om å erstatta særemna med studiar hos våre samarbeidspartnarar.

Undervisningsmetodar

Undervisninga vil normalt omfatte førelesingar, feltkurs, datalab og seminarundervisning i mindre grupper i kombinasjon med tilbakemelding på skriftlege arbeid undervegs i studiet. På masteroppgåva vert det gitt individuell rettleiing.

Vurderingsformer

Emna som inngår i det tilrådde studieløpet brukar i all hovudsak følgjande eksamensformer:

  • skriftleg eksamen
  • munnleg eksamen
  • heimeeksamen i kombinasjon med munnleg eksamen
  • mappeinnlevering
  • feltrapport

Originalitet i eksamenssvar og studentoppgåver

Alle oppgåver som vert levert for godkjenning/sensur, skal vere studenten sine eigne om ikkje anna er opplyst. Dette gjeld også der oppgåvene ikkje inngår i grunnlaget for karakterfastsetting. Kjelder som nyttast skal bli gitt i samsvar med universitetet sine reglar. Brot vil vurderast som fuskesak.

Karakterskala

Karakterar ved Universitetet i Bergenvert gitt på ein av to måtar; enten

  1. Som 'Bestått' eller 'Ikkje bestått', eller
  2. Som ein bokstav, etter skalaen A, B, C, D, E, F.

Bokstavkarakterar er det vanlegaste.

Kompetanse for vidare studium

Master i geografi kvalifiserer for å søkje opptak til studium på PhD-nivå.

Yrkesvegar

Geografar har ein brei arbeidsmarknad som følgje av spennvidda i faget og den bruksretta karakteren. Geografifaget utdannar profesjonelle yrkesutøvarar til offentlig forvaltning og til det private næringslivet. Sjansane på arbeidsmarknaden aukar om ein tar ein mastergrad, men òg bachelor i geografi gir mange jobbalternativ.

Dei siste åra har dei fleste geografar gått inn i stillingar der dei arbeidar som leiarar, planleggjarar, lærarar, utgreiarar og konsulentar innan område som administrasjon, distriktsutbygging, miljøforvaltning, oversikts- og næringslivsplanlegging og samferdsel. Fleire kandidatar arbeidar som forskarar og utgreiarar ved frittståande forskings- og utgreiingsinstitutt, medan andre har gått til yrker innan skuleverket, oljeverksemd og databransjen. Geografar arbeider òg med utviklingsspørsmål hos nasjonale og internasjonale bistandsorganisasjonar.

Sjå også her:

http://www.uib.no/geografi/utdanning/geografer-i-arbeidslivet 

Adminstrativ ansvarleg

Institutt for geografi

studieveileder@geog.uib.no

MASV-GEOG/Masterprogram i geografi
SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Ønsker permisjon (NB! søknad må sendes instituttet innen 1.9 og 1.2) - -
Studieretninger (krav: 60 SP)
Valfritt
SP S A
Utenlandsopphold, 1 semester - -
Ønsker permisjon (NB! søknad må sendes instituttet innen 1.9 og 1.2) - -
Studieretning i miljø- og landskapsgeografi (krav: 60 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO306 Kvalitativ metode; feltarbeid og tolkning av feltmateriale. 10 1-4 2
GEO308 Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar 10 1-4 1
GEO309 Semesteroppgave 10 1-4 2
GEO310 Skrivekurs og prosjektskisse 10 1-4 1
GEO337 Kritiske perspektiv på miljø og utvikling 10 1-4 2
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO329 Miljøfag, naturforvaltning og arealplanlegging 10 1-4 1
GEO326 Geografiske perspektiv på mat 10 1-4 1
GEO328 Planlegging og samfunn 10 1-4 1
Studieretning i naturgeografi (krav: 60 SP)
2. semester skal studentane i tillegg velje eit emne på UNIS/GEOV (søknadsfrist 15. oktober)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO308 Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar 10 1-4 1
GEO309 Semesteroppgave 10 1-4 2
GEO310 Skrivekurs og prosjektskisse 10 1-4 1
GEO313 Naturgeografiske laboratorie- og feltmetodar 10 1-4 1
GEO341 Mastergradsfeltkurs i naturgeografi 10 1-4 2
Studieretning i utviklingsgeografi (krav: 60 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO306 Kvalitativ metode; feltarbeid og tolkning av feltmateriale. 10 1-4 2
GEO308 Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar 10 1-4 1
GEO309 Semesteroppgave 10 1-4 2
GEO310 Skrivekurs og prosjektskisse 10 1-4 1
GEO326 Geografiske perspektiv på mat 10 1-4 1
GEO337 Kritiske perspektiv på miljø og utvikling 10 1-4 2
Studieretning i økonomisk geografi, regional utvikling og planlegging (krav: 60 SP)
    Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO306 Kvalitativ metode; feltarbeid og tolkning av feltmateriale. 10 1-4 2
GEO308 Vitskapsteori og forskingsdesign for geografar 10 1-4 1
GEO309 Semesteroppgave 10 1-4 2
GEO310 Skrivekurs og prosjektskisse 10 1-4 1
GEO324 Firm Strategies, Governance and Regional Development 10 1-4 2
    Valfritt
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO326 Geografiske perspektiv på mat 10 1-4 1
GEO328 Planlegging og samfunn 10 1-4 1
Oppgavedelen (krav: 60 SP)
Oppgåvedelen består av feltarbeid og oppgåveskriving innan emnet GEO350
  Obligatorisk emne
Emnekode Emnetittel SP S A
GEO350 Masteroppgåve i geografi 60 1-3 3
Veiledningsavtale- geografi
Rettleiingsavtale for master i geografi skal inngåast innan 2. semester
Obligatorisk emne
SP S A
Veiledningsavtale for master i geografi- skal inngås innen 2. semester - -
Prosjektskildring for mastergradsprosjektet
Obligatorisk emne
SP S A
Prosjektbeskrivelse, master - -
Fremdriftsrapport for sluttføringen av masterprosjektet
Skal vere levert og godkjent i løpet av det 3. semesteret på programmet
Obligatorisk emne
SP S A
Fremdriftsrapport, master - -