Hjem
Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap
Markering

Runde dagar, jubileum og fine poeng

AHKR gratulerer.

bilde av de markerte
Fra venstre: Einar Thomassen, Geir Atle Ersland, Frode Ulvund, Grethe Bruvoll, Knut Jacobsen og Jan Heiret.
Foto/ill.:
Julie Alver Tønsaker, UiB.

Hovedinnhold

25-års jubileum

Geir Atle Ersland og Frode Ulvund har våren 2019 vore tilsette ved UiB i 25 år. Ersland har sitt kompetansefelt på mellom anna mellomaldershistorie, hanseatisk historie, militærhistorie og byhistorie. Ulvund arbeider mellom anna med moderne norsk historie, rettshistorie, kriminalitetshistorie, sosialhistorie og jødisk historie.  

Publikasjonstal

Publikasjonstala for 2018 blei nyleg kjent, og tala for AHKR er gode - med ein auke på over 30% frå 2017. Svært mange på instituttet har bidrege til det. Som tidlegare år, ligg religionsvitarane høgt på poenglista.  Marianne Bøe, Marie von der Lippe og Einar Thomassen publiserte mykje i 2018. Bøe publiserte mellom anna ei bok i serien "Annotated Legal Documents on Islam in Europe". Marie von der Lippe aktualiserer religionsfagets plass både i skulen og i samfunnet med publikasjonar om til dømes korleis terroren på Utøya vert handsama i skulen. Einar Thomassen har utnytta forskingsterminen til publikasjonar, og gjer stadig nye oppdagingar rundt kristendommens første tid.

Senter for framifrå forsking SapienCE sitt publikasjonsbidrag gjer seg også gjeldande i den totale summen av publikasjonspoeng for instituttet.

Heilt øvst på lista over instituttets publikasjonspoeng for 2018 tronar Knut Axel Jacobsen. Jacobsen trekker fram ein av sine mange publikasjonar frå 2018, «Yoga in Modern Hinduism: Hariharānanda Āraṇya and Sāṃkhyayoga». Boka undersøker Kapil Math, som er Indias einaste Samkhyayoga-kloster. Klosterets samband til før-moderne yoga og påverknadane frå moderne kunnskapsproduksjon vert skildra og knyter klosteret til 1800-talets transformasjon av religion i Bengal og til moderne yoga.

Runde dagar

Både tilsett-jubileum og publikasjonstal vart markert med kake og talar på vårens markeringslunsj. Instituttleiar gratulerte også to jubilantar, Grethe Bruvoll og Frode Ulvund, som begge har runda 50 år. Bruvoll vart i talen trekt fram som ein sentral medarbeidar, som med si positive haldning og framifrå evne til å løyse problem betyr mykje både for instituttet og for arbeidsmiljøet. Ulvund vart framheva som eit engasjert og ansvarsfullt instituttmenneske som tek på seg verv for instituttet og for faget sitt, og som ein produktiv forfattar.