Home
Department of Economics

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
NYHET

Ny dagleg leiar i BECCLE

Førsteamanuensis Bjørn Olav Johansen er utnemnd som ny dagleg leiar av Senter for konkurransepolitikk (BECCLE).

bjørn olav johansen og beccle

Main content

Bjørn Olav Johansen arbeider i dag som førsteamanuensis ved Institutt for økonomi ved UiB, og har sidan oppstarten av BECCLE vore affiliert med senteret. Han gler seg til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver. 

— Det er kjekt å vere ein del av eit tverrfagleg miljø, og spanande å kunne vere med på å utvikle det vidare, seier Johansen.

BECCLE ble etablert i 2011 og er eit samarbeidssenter mellom Norges Handelshøyskole (NHH) og Universitetet i Bergen. Senteret fungerer som ein møteplass mellom økonomar og juristar som er interessert i konkurransepolitiske spørsmål.

Johansen tok over stafettpinnen 1. november etter professor Tommy Staahl Gabrielsen, som frå 1. august blei instituttleiar ved Institutt for økonomi.