Dei første graveprosjekta er i gang
Fire eksterne graveprosjekt er no i gang på Senter for undersøkende journalistikk ved Universitetet i Bergen. Avisa Kvinnheringen er av dei første til å nytte seg av samarbeidet på senteret.
Main content
- Det er stor spennvidde i dei fire eksterne prosjekta, som famnar om alt frå sterke historiar om menneskeskjebner, til oppbygging av oppsiktsvekkende sakskompleks. Alle er interessante historiar, som har potensial til å ikkje berre sette dagsorden lokalt og regionalt, men óg nasjonalt, seier leiar for Senter for undersøkande journalistikk (SUJO) Per Christian Magnus.
Han synest det er godt å no vere skikkelig i gang med arbeidet på senteret, som vart opna 19. september i fjor.
- Les også: Riktig tidspunkt for grave-satsing
Undersøkande journalistikk i distrikta
Avisa Kvinnheringen er av dei første redaksjonane som nyttar seg av samarbeidet på senteret. Den økonomiske støtten til deira prosjekt kjem frå stiftinga Fritt Ord, medan den faglege oppfølginga skjer på SUJO. Gjennom prosjektet vil det vere tett dialog mellom senteret i MCB, og redaksjonen på Husnes i Kvinnherad.
- Eg trur det er avgjerande viktig at også dei lokale mediene driv med undersøkande journalistikk. Som lokalavis har vi ei viktig rolle i å bygge opp under det som skjer i lokalsamfunnet, men vi må også våge å ta opp større tema, sjølv om dei kan vere både vonde og vanskelege for enkelte, seier Kvinnheringen-redaktør Tomas Bruvik.
Bruvik har også fleire gongar tidlegare rydda plass til gravesaker i sin redaksjon.
- Eg synest det er ei litt for enkel unnskuldning frå dei som seier at ein ikkje har tid og ressursar til gravande journalistikk i distrikta. Det finst til dømes mange utruleg flotte stipendordningar, så dersom ein redaksjon har eit sterkt ønske om å starte eit graveprosjekt, så får ein det til. Mitt tips til andre redaksjonar er å orientere seg om dei ordningane som finst, seier Kvinnheringen-redaktøren, som er glad for både den økonomiske støtten frå Fritt Ord og for samarbeidet med Senter for undersøkande journalistikk.
- Har fått god hjelp
Journalistane Karen Anna Kleppe og Trude Aarsand skal jobbe med Kvinnheringen sitt nye graveprosjekt. Dei var nylig på eit såkalla oppstart-workshop på SUJO i Media City Bergen. Her vert det lagt eit overordna løp for prosjektet, der ein mellom anna går nøye igjennom tematikken, organiserer kildearbeid, ser på metode, struktur og publiseringsplan.
- Vi føler oss privilegerte både for at vi får bli ein del av miljøet her på senteret, og for den økonomiske støtta frå Fritt Ord, som gjer at vi kan halde på med ei gravesak over lang tid, seier Aarsand og Kleppe.
- Så langt i samarbeidet med SUJO har vi mellom anna fått god hjelp til å rydde i eigne tankerekker, og gode tips når det gjeld struktur og metode. Det er også nyttig å få nye perspektiv utanfrå på prosjektet vårt, utdjupar dei to Kvinnheringen-journalistane.
Vil vere lokomotiv for samarbeid
I prosjektet til Kvinnheringen vil også journalist og tidlegare SKUP-vinnar Steinar Figved bidra med si erfaring. Han har permisjon frå TV2, og er hyra inn til prosjektet av SUJO.
- Det er spanande å vere med på eit slikt samarbeidsprosjekt. Journalistikken er ofte prega av konkurranse, men eg trur det er stort potensial i større grad av samarbeid. Det er noko miljøet her i Media City Bergen gjev gode moglegheiter til, seier han, og får støtte av senterleiar Per Christian Magnus.
- Det å finne nye samarbeidsrelasjonar i pressemiljøet er ei av dei virkeleg store moglegheitene vi har fått med dette senteret. SUJO ønsker å vere eit lokomotiv når det gjeld å opne nye vegar for samarbeid, slår han fast.
Tett kontakt undervegs
Magnus fortel at det undervegs i prosjekta vil vere tett kontakt mellom dei aktuelle redaksjonane og fagmiljøet på SUJO.
- Etter workshopen i starten av eit prosjekt, vil vi i det daglege ha nettbasert kontakt så lenge prosjekta varer. I tillegg har vi fleire fysiske møte undervegs. Her kjem mellom anna eit statusmøte midtveis i prosjektet, og eit møte rett i forkant av at saka vert publisert hos den aktuelle redaksjonen. Her vil vi gå nøye igjennom jobben som er gjort, forsikre oss om at fakta som blir presentert er riktig og sjå på presseetiske omsyn; til dømes om det er noko i teksten som krev samstundes imøtegåing, seier Magnus.
Etter at ei sak er publisert, vert samarbeidsprosjektet avslutta med eit evalueringsmøte.
- Her vil vi trekke lærdom frå arbeidet som er gjort, noko som er nyttig både for oss på senteret og for journalistane. Eit mål er at journalistane og redaksjonane som samarbeider med oss om eit prosjekt skal kome styrka ut av samarbeidet. At dei har fått ein metodikk og struktur som gjer at dei er godt rusta til å starte liknande graveprosjekt seinare, utan at vi treng å vere involvert, fortel senterleiar Magnus.
På jakt etter fleire spanande prosjekt
Magnus strekar under at SUJO ikkje sjølv publiserer saker, og at redaktøransvaret ligg hos den enkelte redaktøren i mediene som gjennomfører prosjektet. Han seier at senteret stadig er på jakt etter spanande prosjekt, og ønsker redaksjonar og frilansarar velkomen til å ta kontakt. Om det vert starta eit samarbeid, kan ein både få stipend og reportasjeleiing for kortare eller lengre prosjekt.
- Vi samarbeider no med både lokale, regionale og nasjonale medier. I tillegg har vi fire masterstudentar på våre studieprogram som jobbar med større graveprosjekt på senteret. Studentane sine prosjekt er del av eksamen som skal vere ferdig til våren, medan vi ventar å sjå dei første eksterne prosjekta på trykk allereie frå månadsskiftet januar/februar.
- Deretter vil det kome saker på trykk fortløpande frå dei ulike redaksjonane, seier Magnus, som også røper at han er i dialog med fleire redaksjonar om å starte nye graveprosjekt på senteret i januar og februar.