Betre læring gjennom tettare fellesskap
Større læringsutbytte gjennom meir involvering. Gjennom eit banebrytande prosjekt ved Geofysisk institutt skal studentar og undervisarar samarbeide om eigen læring.
Main content
– Forsking viser at studentar lærer meir og betre av aktive undervisingsformer, sjølv om dei ikkje nødvendigvis opplever det slik eller ynskjer denne forma for undervising. Undervisarar treng difor støtte og rettleiing for å gjera denne omstillinga mot aktiv undervising på ein god måte, og i dialog med studentar og leiing, seier prosjektansvarleg og førsteamanuensis ved Geofysisk institutt, Kjersti Daae.
Stadig fleire universitet går vekk frå forelesingar, og prøver i staden ut nye forskingsbaserte undervisningsmetodar der studentane kjem meir i fokus. Gjennom skreddarsydde undervisingsmetodar får studentane målretta trening i diskusjon, analyse, problemløysing, skisseteikning og anna.
Me har som mål å gje studentane dei beste føresetnadane for læring og meistring i studietida.
Praksisfellesskap er grupper av mennesker som deler felles interesser, der deltakarane kjenner tilhøyrsle, samarbeider om felles mål og utviklar seg gjennom kunnskapsutveksling.
Det inneber at undervisarar og studentar oppmuntrar og støtter kvarandre i ulike former for utvikling. Det er eit verktøy for å auka dialogen. Både mellom studentar og undervisarar - og internt i gruppene.
Prosjektet vart i desember 2021 støtta av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir), og skal vare ut 2024.
Studentar må inkluderast
– Å ha fokus på samskaping og praksisfelleskap handlar i stor grad om å endra relasjonen mellom undervisarar og studentar. Målet er å gje studentane dei beste føresetnadar for læring og meistring i studietida. Studentane er våre viktigaste “kundar”, seier Daae.
Ho meiner det er viktig at studentane blir inkludert i alt som skjer ved instituttet og universitetet. Dei må bli sett og høyrd. Dei må få høve til å påverka sin eigen studiekvardag.
– Samskaping rommar eit stort spekter av studentaktivitet og engasjement. Frå enkeltståande aktivitetar som skjer i løpet av ei enkelt undervisingsøkt, til større aktivitetar som skjer over tid der studentane har høve til å ta meir ansvar.
– Kva har kultur å seie for viljen til endring?
– Alle involverte ved eit universitet har si eiga oppfatning av korleis undervisinga er eller bør vere. Oppfatninga speglar gjerne ei tradisjonell forståing av kva rolle undervisarar og studentar har: Undervisarar skal forelesa fagstoff og studentar skal tileigne seg fagstoffet og verte målt etter kor godt dei kan reprodusera det. Så lenge desse forventingane består, er det vanskeleg å endra relasjonane mellom undervisarar og studentar. Det er her me må legga inn innsatsen vår, seier ho.
Gjennom samskapingsaktivitetar får alle deltakarar høve til å bidra likt, men ikkje nødvendigvis på same måte.
Økt grad av samskaping kan bidra til å gjera undervisinga meir inkluderande og auka studentengasjementet. Studentane lærer meir, dei opplever læringa som meir relevant og dei utviklar seg som demokratiske borgarar, trur Daae.
Fire arbeidsområder
– Me ynskjer å påverka undervisarar og studentar til å endra fokus slik at undervisarar i auka grad lærer med studentane - og studentane inspirerer undervisarane. Gjennom prosjektet vil me støtte og styrke denne endringsprosessen, seier Daae.
Dei involverte har bygd opp prosjektet rundt fire hovedfelt:
- Nyskapande former for samskaping
- Studentane si påverking av studiekvardag, pensum og vurderingsformer
- Inspirera undervisarar til å teste ut samskaping i sine emner
- Evaluering og formidling frå gruppe der medlemmene har ekspertise på endringskultur og utdanningsforskning
– Hva er felles for arbeidspakkane?
– Endring av relasjonar mellom studentar, undervisarar og administrasjon. Både studentane og undervisarane må ynskje endring, og læra om korleis endringar kan skje på ein god måte for alle partar. I tillegg må me få på plass rammevilkår som gjer endringane mogleg ved instituttet.
God hjelp
Kjersti Daae fekk høve til å delta på ei rekkje arbeidsmøter med inspirerande forskarar innan både geovitskap og utdanningsrelaterte forskingsfelt.
Geofysisk institutt (GFI) er partnar i iEarth, som er eit senter for framifrå utdanning ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet.
Saman med Mirjam Glessmer, som er medforfattar i prosjektsøknaden og førsteamanuensis-II i iEarth, knytte dei kontakt med Catherine Bovill og Torgny Roxå (begge professor-II i iEarth ) og den geovitskaplege arbeidsgruppa ved Universitetet i Oslo.
Når prosjektet er i mål håper me å sjå ei kulturendring
– Deira ekspertise innan fagfelta samskaping og endringskultur passa midt i blinken i høve til kva me ynskte å få til ved GFI. Prosjektsøknaden har vakse fram gjennom gode erfaringar med utprøving av nye undervisningsmetodar i introduksjonsemne ved GFI . Både saman med kollegaer ved GFI og i dialog med fagfolk frå iEarth, seier Daae.
– Kva respons har de fått?
– Sjølve prosessen med å skrive søknaden har påverka korleis me tenker om undervisning. Me har hatt mange gode diskusjonar om undervising og læring med undervisarar, studentar og administrasjon ved både GFI og det nye nettverket av fagfolk som har vekse fram gjennom iEarth. Dette har vore til stor hjelp i utviklinga av ideen og prosjektsøknaden, og me har fått mykje støtte og oppmuntring til å gå vidare med planane våre.
– Kva er det viktigaste de vil sitje igjen med?
– Gjennom eit felles og gjennomgåande fokus på samskaping og praksisfellesskap, skal Geofysisk institutt gjennom dette prosjektet gje studentane dei beste føresetnadar for læring og meistring i studietida. Me ynskjer å vera ein utdanningsinstitusjon som legg til rette for at studentane skal oppleva utvikling både på eit fagleg og eit personleg plan. Dette oppnår med gjennom betra dialog mellom studentar, undervisarar og administrasjon - og gjennom ei kontinuerleg utvikling av undervisingskulturen ved instituttet.
– Når prosjektet er i mål, håper me å sjå ei kulturendring som involverer fleire studentar og undervisarar, som slår rot ved instituttet og som fortsett å vekse utover prosjektet. Me ynskjer å dela og utveksla erfaringane våre med eit utvida fagmiljø innan høgare utdanning. Og:
– Me håper å inspirera fleire til å engasjera seg innan samskaping og praksisfellesskap med mål om ei betre utdanning.
- Les meir: Daae og Glessmer sin artikkel: THE OCEANOGRAPHY CLASSROOM: Co-Creating Learning in Oceanography