Home
Research Group for European Law

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Sommarhelsing

God sommar frå BERG

Gjeng frå forskargruppa på fjelltur
Photo:
Marte Dahl Reisæter

Main content

På fredag hadde BERG sommaravslutning. På programmet stod først eit lunsjseminar der masterstudent Ingrid Gaupås presenterte si avhandling om utfordringane den auka mengda detaljreglar på finanstilsynsområdet skapar, og Noregs handtering av dette. Postdoktor Kristian Strømsnes presenterte eit pågåande artikkelarbeid som tek opp spørsmålet om forbodet mot midlertidig forføyning i anskaffelsesretten etter at kontrakt er inngått er i strid med effektivitetsprinsippet.

Etter fagseminaret gjekk turen ut i sola og opp i byfjella. Forskargruppa avslutta dermed semesterets aktivitetar med ein nydeleg fjelltur!

Forskargruppa vil nytte høvet til å takke av vår vitskaplege assistent, Elmira Oshnavie, som har gjort ein eineståande jobb for forskargruppa dette studieåret. Vi gratulerer i tillegg så mykje med levert stor masteroppgåve, og ønskjer deg lukke til som praktikant hos ESA til hausten!

Forskargruppa har mange spennande forskingsaktivitetar på programmet for hausten 2022, blant anna planlegg forskargruppa eit besøk til EFTA-domstolen, EU-domstolen og ESA. 

Med dette ønskjer BERG alle ein riktig god sommar!