Home
Centre for Grieg Research

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny publikasjon

Korleis kom Bach til Noreg?

PhD-stipendiat ved Senter for Griegforskning, Sjur Haga Bringeland, har publisert ein ny artikkel ved Bach-Archiv i Leipzig.

Tittel Bach-Magazin
Photo:
Tittel Bach-Magazin

Main content

Musikken til Johann Sebastian Bach (1685–1750) har i dag ein så sterk og sjølvsagd plass i norsk musikkliv at me gjerne tek han for gitt. Men Bach er jo, som så mange andre store komponistar, ein kulturimport frå utlandet. Det tok si tid før han fekk fotfeste i kyrkje og konsertsal her heime. Men når byrja ein eigentleg å spela Bachs musikk her i landet? Kven var det som introduserte denne komponisten? Og kva for Bach-verk blei spelte?

Dette er spørsmål Sjur Haga Bringeland undersøkjer i sin nye artikkel «Bach in Norwegen – auf den Spuren der norwegischen Bach-Rezeption» («Bach i Noreg – på sporet av den norske Bach-resepsjonen»). Artikkelen er publisert i «Bach Magazin», som er halvtårsskriftet til forskingssenteret Bach Archiv i Leipzig. Gjennom forskingsarbeidet sitt har Bringeland, som er stipendiat ved Senter for Griegforskning (Fakultet for kunst, musikk og design, UiB), tett kontakt med forskarmiljøet på Bach-Archiv, som er eit institutt ved Universität Leipzig.

Bringeland skriv at den historiske resepsjonen (mottakinga) av Bach i Noreg kan delast i to liner: Ei eldre, «barokk linje», som sto i nær kontakt med det tidlege Bach-miljøet i Berlin på slutten av 1700-talet, og ei yngre, «romantisk linje», som er knytt til norske musikarar som studerte ved Leipzig-konservatoriet på 1800-talet. Den barokke linja er tema for den nye artikkelen, som er den fyrste av to artiklar om temaet (del 2 kjem sommaren 2023).

Den norske Bach-tradisjonen byrja faktisk med ein bergensar: Israel Gottlieb Wernicke (1755–1836). Han var fødd av tyske foreldre i Bergen, der faren var organist verd Bergen domkirke. I tida då Wernicke studerte i København, fekk han kongeleg stipend til å reisa til Berlin. I Berlin blei han elev av Johann Philipp Kirnberger (1721–1783), som i si tid hadde vore Bachs elev i Leipzig. Alle som likar Bachs musikk, har mykje å vera Kirnberger takksam for. Etter Bachs død i 1750 samla nemleg Kirnberger systematisk læremeisteren sine komposisjonar – og bevarte dei slik for ettertida. 

Medan bergensaren Wernicke var i Berlin, kopierte han mange av Bach-manuskripta som læraren Kirnberger hadde teke vare på. Då Wernicke blei utnemnd til dansk hoffkapellmeister, tok han desse notane med seg til København. Han hadde mange elevar, som så atter kopierte Bach-notane. Mellom desse var Ole Andreas Lindeman (1769–1857) frå Surnadal på Nordmøre.

Då O.A. Lindeman reiste tilbake til Noreg for å bli organist i Vår Frue kirke i Trondheim i 1801, hadde han ei stor samling Bach-notar med seg i bagasjen. Som organist gav han konsertar med Bach på programmet, mellom annan i Oslo domkirke, i ei tid då både orgelkonsertar generelt, og framføring av Bachs musikk spesielt, var særs sjeldsynte. Då han laga den fyrste norske koralboka, nytta han Bachs melodiformer og Bachs firestemmige harmonisering som førebilete.

O.A. Lindeman blei stamfar til den store Lindeman-slekta, Noregs viktigaste musikardynasti gjennom tidene. Son hans, den store kyrkjemusikaren Ludvig Mathias Lindeman (1812–1887), laga mellom anna «Tre fuger over navnet BACH». Mange av Bach-manuskripta, som familien gjennom generasjonar vakta som ein familieskatt, er i dag bevart ved Nasjonalbiblioteket i Oslo. O.A. Lindeman kan difor også kallast stamfar for den norske Bach-tradisjonen – ein ubroten tradisjon som går direkte attende til Bach i Leipzig.