Home
Centre for Grieg Research

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ny publikasjon

Bach i 1900-talets norske musikkliv

Sjur Haga Bringeland, PhD-stipendiat ved Senter for Griegforskning, har publisert ein ny artikkel ved Bach-Archiv i Leipzig.

Leipzigs Thomanar-kor og thomaskantor Karl Straube (i midten, fremst) framfor Nidarosdomen i 1931
Photo:
Tittel, Bach Magazin

Main content

Korleis prega Johann Sebastian Bach (1685–1750) musikklivet vårt på 1900-talet? Og kva posisjon har komponisten her i dag? Dette freistar Sjur Haga Bringeland å finna svar på i del 2 av sin artikkel «Bach in Norwegen – auf den Spuren der norwegischen Bach-Rezeption» («Bach i Noreg – på sporet av den norske Bach-resepsjonen»). Teksten er publisert i «Bach Magazin», som er halvtårsskriftet til forskingssenteret Bach Archiv i Leipzig. Gjennom forskingsarbeidet sitt har Bringeland, som er stipendiat ved Senter for Griegforskning (Fakultet for kunst, musikk og design, UiB), tett kontakt med forskarmiljøet på Bach-Archiv, som er eit institutt ved Universität Leipzig.

Bringeland skriv at året 1921 kan reknast som ein milepåle i den norske Bach-resepsjonen. Dette året blei nemleg den fyrste Bach-festen arrangert i Oslo, ein festival der ingen ringare enn Karl Straube frå Leipzig var kunstnarleg leiar. Denne organisten og dirigenten, som var den ellevte thomaskantoren etter Bach, sette varige spor etter seg: Han introduserte for fyrste gong det norske publikummet for breidda i Bachs kompositoriske verk, han gav dei fyrste impulsane til historisk framføringspraksis i Noreg, og med det verdsberømte Thomanar-koret inspirerte han kyrkjemusikarar til å stifta tilsvarande gutekor her til lands.

Den tyske tradisjonen med Bach-festar gav meirsmak. Straube-eleven Arild Sandvold, domorganist i Oslo, vidareførte suksessen. Heilnorske Bach-festar blei arrangerte i 1930, i 1935 og i 1950 både i hovudstaden og i Trondheim. Lyttarane fekk her for fyrste gong stifta kjennskap til barokkinstrument som cembalo, viola da gamba og såkalla Bach-trompetar.

Bringeland deler den norske Bach-resepsjonen i to liner: Ei eldre, «barokk line», som sto i nær kontakt med det tidlege Bach-miljøet i Berlin på slutten av 1700-talet, og ei yngre, «romantisk line», som er knytt til norske musikarar som studerte i Tyskland på slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet. Den barokke lina var tema for den førre Bach-Magazin-artikkelen. Den nye artikkelen tek føre seg den romantiske.

Leipzig, der det fyrste tyske konservatoriet blei grunnlagd av Felix Mendelssohn i 1843,  spelar her ei nøkkelrolle. Byens betydning for musikklivet i Skandinavia i andre halvdel av 1800-talet og fram til andre verdskrigen kan knapt overvurderast. «Litt tilspissa kan ein seia at Skandinavias viktigaste konservatorium låg i Leipzig», skriv Bringeland, for sjølv om det blei oppretta slike institusjonar i dei Nordiske landa på slutten av 1800-talet, drog dei fleste unge og ambisiøse musikarar sørover for å tileigna seg solide kompositoriske og instrumentale ferdigheiter. Noreg inntok ei kvantitativ særstilling: Frå grunnlegginga i 1843 og fram til 1883 hadde Leipzig-konservatoriet heile 113 norske studentar, 78 av dei kvinner. Til samanlikning var talet på svenskar 28 og danskar 12.

Mange nasjonalromantisk innstilte musikarar utvikla eit negativt syn på den såkalla «Leipzig-skulen» i musikken, der klassisk skolering fundert på tysk-austerrisk tradisjon dominerte. (Edvard Grieg er vel det fremste dømet, han som hevda å ha lært fint lite i Leipzig.) «I nasjonsbyggingas namn ville nasjonalromantikarane dyrka det spesifikt norske, og nærleik til folkemusikken blei til målestokk for kunstnarleg kvalitet. Det seier seg sjølv at Bach ikkje kunne vera noko førebilete her», skriv Bringeland. Men etter at Straube ble orgellærer ved konservatoriet og grunnla Leipzigs institutt for kyrkjemusikk i 1921, utvikla byen seg til den viktigaste i Europa for norske orgelstudentar – med Bach som prominent punkt på læreplanen.

Straube reklamerte grundig for instituttet sitt. Sommaren 1919 sto følgjande notis på trykk i ymse Oslo-aviser: «Professor Karl Straube fra Leipzig er kommet til byen og begynder fredag kl 12 sit orgelkursus for organister i Frogner kirke.» Etterpå var avisene tydelege på at dette var orgelspel på eit nivå ein aldri hadde høyrt maken til i landet. Kursdeltakaren Peter Lindeman, direktøren ved Musikkonservatoriet i Oslo, skreiv at «det var særlig Johan [sic] Sebastian Bach som blev gjennomgaat», og at Straube «paaviste hvorledes man i Bachs Verker med den største Varsomhed hadde de tusen Hensyn aa ta, spesielt hvad Frasering og Registrering angaar, som Bach selv meget sparsomt har antydet».

Fleire av dei 20 organistane frå heile landet som deltok, let seg inspirera og reiste seinare til Leipzig for å studera hjå Straube. Mellom dei var Sandvold, Bach-forkjemparen som mange reknar som den viktigaste norske kyrkjemusikaren på 1900-talet.

Som nemnt sette Thomanar-koret, gutekoret som Bach leidde mellom 1723 og 1750, også spor etter seg. Faktisk gjekk den aller fyrste utanlandsturneen deira til Danmark og Noreg, hausten 1920. I åra som fylgde, kom dei att fleire gonger, alltid med brei dekning i norsk presse. I Bringelands artikkel er bilete frå desse turneeane publiserte, dokument som er dukka opp i Straube-arkivet i Leipzig. Biletet på artikkelens tittelside syner dirigent og kor framføre portalen til Nidarosdomen i 1931.

Som kuriosum kan nemnast at Straube under 1931-turneen også heldt skulekonsertar med Thomanar-koret, der Bachs kyrkjemusikk blei sungen. I eit brev heim til kona klaga han med understatement over at det unge publikummet i Oslo og Trondheim var «svært livleg». Ungane snakka høgt under konserten, og gutane veksla mellom å kitla jentene og å riva dei i håret. I Bergen, derimot, var det unge publikummet meir sivilisert!